Camilla Reide Rise er ny sjef på Trolltunga Hotel: – Odda kjem til å vekse som reisemål

Artikkelen er over 1 år gammel

Camilla starta hotellkarieren si som fjortenåring i oppvasken på Seljestad/Solfonn. Sidan då har ho vore innom dei fleste jobbane som finst innan hotellverksemd. No er ho i gang med arbeidet som hotellsjef på Trolltunga Hotel.