Demensaksjonen 2019 står for døra: – Ta vel imot bøsseberarane

På døra: Denne veka bankar kan hende ein av desse elevane  frå 9. klasse på Hauso skule  på døra di med bøsse for å få støtte til demensforsking og gode tiltak for dei som er råka. Ungdomsskuleelevane i Kinsarvik gjer det same på austida av fjorden. foto: privat

På døra: Denne veka bankar kan hende ein av desse elevane frå 9. klasse på Hauso skule på døra di med bøsse for å få støtte til demensforsking og gode tiltak for dei som er råka. Ungdomsskuleelevane i Kinsarvik gjer det same på austida av fjorden. foto: privat

DEL

Oppmodinga kjem frå Kinsarvik helselag som arrangerer Nasjonalforeningen for folkehelsen sin årvisse Demensaksjon lokalt.

I dagane 16.-22. september vil folk i Ullensvang få besøk på døra av laget sine medlemmer og ungdomsskuleelevar frå Kinsarvik og Hauso skular, skriv laget i ei pressemelding.

Måler er som før: Samla inn pengar til vidare forsking på demenssjukdom. Midlane frå TV-aksjonen i 2013 er brukte opp, og det er forskingsprosjekt på gang som treng midlar for å halda fram for å finna svar på kva som skjer i hjernen på personar som får Alzheimers og andre demenssjukdommar.

Midlar kan og gå til gode tiltak for personar med demens i lokalmiljøa.

Forskarar verda over ser det som sannsynleg at dei vil knekka demenskoda i nær framtid.

– Me ser fram til dagen me ikkje treng uroa oss for demens, seier nasjonalforeningen og minner om at forskingsprosjekta kan bidra til at færre får demens, og at dei som vert råka kan få god hjelp til å meistra kvardagen.

Demensaksjonen kan du støtta ved å gi penger i bøssa, men og via SMS nummer 2216 med ordet SAMAN i meldingsfeltet. Då vert det trekt femti kroner.

Brukar du VIPPS til same nummer, bestemmer du sjølv kva beløp du vil gje.

Demens

77 000 i Norge har demens, talet truleg dobla mot 2040.

Dødeleg hjernesjukdom. Gir dårleg hukommelse, problem med daglege gjeremål og personlegdomsendringar.

Nasjonalforeningen for folkehelsa er interesseorganisasjon for personar med demens og deira pårørande.

DEMENSLINJA: telefon 23 12 00 40 har sjukepleiar med spesialkompetanse som svarar på spørsmål.


Artikkeltags