No blir Torhild pensjonist: – Eg håpar nokon vil ta over salongen

I januar vert Torhild Markhus Andersen pensjonist, og håpar at nokon vil halda fram med gågata Hud & Helse. Bua i gågata var parfymeri då Torhild starta karrieren der i 1969.

I januar vert Torhild Markhus Andersen pensjonist, og håpar at nokon vil halda fram med gågata Hud & Helse. Bua i gågata var parfymeri då Torhild starta karrieren der i 1969. Foto:

Torhild starta karrieren på parfymeri i bua i gågata. 50 år etter er ho klar for å pensjonera seg, og håpar nokon vil ta over salongen i den same bua.

DEL

Torhild Markhus Andersen synest det er vemodig å tenka på at ho i januar vert pensjonist. Det er 50 år sidan ho starta karrieren som sommarvikar i den same bua som ho no driv gågata Hud & Helse.

– Bodhild Hagen, eller Boddo som ho vart kalla, dreiv det einaste parfymeriet i Odda den gangen. Ho var eigentleg utdanna frisør, men tolte ikkje permanentveskene og fann på noko anna, fortel Torhild.

I 1969 var dei fleste 16 år gamle jentene opptekne av sminke og parfyme, men hudpleie var ikkje vorte populært.

Torhild Markhus Andersen håpar at nokon vil ta over drifta i den vetle bua.  For 50 år sidan starta ho sjølv karrieren der.

Torhild Markhus Andersen håpar at nokon vil ta over drifta i den vetle bua. For 50 år sidan starta ho sjølv karrieren der. Foto:

Torhild jobba på parfymeriet i gågata i fire år, før ho vart gift og fekk tre døtrer.

Sidan vart oddingen aktivitør på sjukeheimen, før ho starta på Eli's Parfymeri. Der hadde ho berre tenkt å vera nokre år.

– Det var eigentleg fysioterapeut eg ville bli, men åra gjekk. Då eg hadde vore der i 18 år fekk eg litt panikk, og tenkte kva skal eg gjera?

På denne tida såg Torhild at utviklinga i bransjen berre peikte ein veg, og ho bestemte seg for å læra meir om hud og å hjelpa folk med hudproblem.

Med hennar bakgrunn og erfaring fekk ho plass på ein eittårig privat hudpleieskule i Oslo. Som 49-åring flytta ho på hybel, og starta studiane.

– Venninnene mine sa eg var sprø som reise til Oslo og begynte på skule som 49-åring. Eg tenkte ja-ja, då er eg vel litt sprø, då men dette har eg lyst til.

Når hudpleiaren utfører velværebehandlingar stengjer ho dørene og ber kunden slå av mobiltelefonen. Denne fristunda set mange pris på.

Når hudpleiaren utfører velværebehandlingar stengjer ho dørene og ber kunden slå av mobiltelefonen. Denne fristunda set mange pris på. Foto:


Familien støtta ho fult ut, og trebarnsmora kallar året i Oslo fantastisk lærerikt. Det var tøft, mykje arbeid og pensum var omfattande, men den spreke kvinna angra aldri på valet.

Ho hadde i utgangspunktet permisjon frå parfymeriet, men ein tilfeldig samtale som ho overhøyrde på butikken i Skarsmo påskunda draumen om å starta for seg sjølv. Den nyutdanna hudpleiaren fekk nemleg nyss i at bua, der ho starta karrieren, var ledig.

– Då hamna eg her att. Ringen startar og sluttar her.

Som 50-åring starta Torhild gågata Hud & Helse. Kundebehandling hadde ho erfaring med frå parfymeriet, men i tillegg til dette har ho hatt det daglege rekneskapen, marknadsføring, bestilling av varer og vasking av salongen.

– Eg var veldig spent på korleis eg ville verta tatt i mot. Eg følte eg kjende halve Odda, men det skulle visa seg å berre vera ein fordel.

I starten hadde ho ikkje mange kundar, og ei tid hadde ho annonsar i Hardanger Folkeblad. Ho sto på og kundemassen auka for kvart år.

– Den beste reklamen du kan ha er at du gjere ein fagleg god jobb. Ein må vera serviceinnstilt og ta vare på kvar enkelt kunde. Det fekk eg tilbakemelding på at eg gjorde, og då går jungeltelegrafen.

Dei siste åra har Torhild hatt så fulle lister at ho ikkje har tatt inn nye kundar. Hudpleie har for lengst vorte like daglegdags som å gå til frisøren.

I gågata har ein mellom anna fått utført forskjellige hudpleiebehandlingar, hjelpt med overflødig hårvekst både i ansikt og på kropp. samt løyst opp stram muskulatur i rygg og nakke, som har vorte eit stort problem i dagens travle samfunn.

 I 2013 kunne Torhild Markhus Andersen saman med lege Jacob Søndergaard tilby mellom anna Botox, feittfrysing og filler.

I 2013 kunne Torhild Markhus Andersen saman med lege Jacob Søndergaard tilby mellom anna Botox, feittfrysing og filler. Foto:

I tillegg har Torhild hatt fotpleie. Det er veldig mange område innan bransjen, men for dei som jobbar åleine er det lurt å verta veldig god på noko for å trekka til seg kundar.

– Eg har prøvd å verta god på å farge, forme og voksa augnebryn.

Torhild vert ikkje lei av dette, for ingen bryn er like. Ho synest det er eit kreativt arbeid, der ein må ha sans for form og farge.

Fem-seks år etter oppstarten vart ventetida ofte lang for dei faste kundane, og løysinga vart drop- in timar ein gang i veka. Salongen opnar klokka ni, men alt frå 8.15 kan kundane stå i kø for å sikra seg time desse torsdagane.

– Veldig populære dagar. Sjølv om det er ein suksess, er det dei faste kundane som er gull verdt.

Hudpleiaren tør ikkje anslå kor mange kundar som har vore innom dei siste 17 åra, men i dag har ho over 200 faste. 20. januar vert Torhild 67 år og pensjonist, men ho håpar inderleg at nokon vil kjøpa salongen og ta over.

– Dette er livsverket mitt, som eg har arbeidd mykje med. Eg ser behovet for at det framleis er ein hudpleiesalong her, som kan hjelpa folk slik eg har gjort det. Eg har drive ein enkel salong, der eg har hjelp folk med kvardagsproblem.

Mykje har endra seg sidan Torhild starta; no kan ein til dømes kjøpa det meste på internett. Kremar og apparat til å utføra behandlingar kan kjøpast billeg, og sjølv om dette er ein konkurrent, ser Torhild at ho har eit unikt verktøy.

– Hendene er mitt arbeidsverktøy, og dei kan ikkje verta erstatta av til dømes ein robot. Behandlingane ein gjere med hender, og nærkontakten ein har med menneske, kan ein ikkje kjøpa på internett. Det same gjeld bryn; ein kan gjera mykje sjølv, men det er jo eit handverk.

Sjølv om ho kjem til å sakna kundane, trur ikkje den sporty kvinna at ho kjem til å kjeda seg som pensjonist. Ho vil fortsetta å trena, ta fram att symaskina og ikkje minst bruka tid på familie og vener.

Artikkeltags