Mellom 1970 - 1985 gjekk det ekstremt godt i norske distrikt. No ser det mørkt ut for framtida til distriktspolitikken

Av

Norsk distriktspolitikk blei for alvor eit tema i etterkrigstida i samband med oppattbygginga av Finnmark. Lenge blei det satsa på distrikta, men med oljevelstanden starta nedtrappinga. – Det er grunn til å sjå mørkt på framtida for distriktspolitikken, seier forskar.

DEL

– Det var først etter 2. verdskrig at ein byrja å snakke om ein distriktspolitikk. Frå starten var den del av ein nasjonal plan for økonomisk vekst og industrialisering. Målet var at distrikta skulle vere med å bygge Noreg som velferdsstat, fortel professor i regional økonomi og politikk, Håvard Teigen.

Han har skrive boka «Distriktspolitikkens historie i Norge», som tar for seg den distriktspolitiske utviklinga frå etterkrigstida og fram til i dag.

– Det eg har skrive om er distriktspolitikken i konkret forstand. Det er distriktspolitikken slik den er definert og prioritert i statsbudsjetta. Altså målsettingar og verkemiddel som er direkte geografiske.

– Hovudsakleg er det, i den delen av distriktspolitikken eg omtalar, to store verkemiddel. Det eine er oppstartstilskot til enkeltbedrifter og det andre er arbeidsgivaravgifta. Dei store diskusjonane har vore knytt til korleis verkemidla i distriktspolitikken skal brukast. Skal ein satse på desentralisert konsentrasjon, eller satse der folk bur i dag, seier Teigen.

Tverrpolitisk semje og vekstsenter-politikk

I 1961 blei Distriktenes utbyggingsfond oppretta. Det var ein utviklingsbank med ansvar for å setje i verk regional utviklingspolitikk.

– Det var tverrpolitisk semje om opprettinga av utbyggingsfondet. Den semja eksisterte fram til ein seinare på 60-talet byrja å satse på vekstsenter som strategi i distriktspolitikken, fortel forfattar Teigen.

Målet med vekstsenter-politikken var å etablere sterke regionale senter som skulle gi positive vekstimpulsar i kvar enkelt region.

– Senterpartiet gjekk imot vekstsenter-politikken. Dei fekk overraskande nok med seg resten av dei borgarlege. Det blei ein del av grunnlaget for at dei etablerte den første borgarlege regjeringa etter krigen, altså Borten-regjeringa i 1965.

Vanskeleg å peike på effekt

Teigen fortel at distriktspolitikken har hatt ein effekt, men at det er vanskeleg å peike på kor mykje.

– Frå 1970 og fram til rundt 1985 gjekk det ekstremt godt i norske distrikt og det var òg den perioden med kraftigast satsing på distriktspolitikk.

– Mellom anna kom det ei stortingsmelding på midten av 80-talet som skisserte at Oslo og Akershus var områda som kom til å få nest størst befolkningsnedgang i Noreg, seier Teigen.

Det er ikkje nødvendigvis ein samanheng mellom at distrikta gjorde det godt og satsinga på distriktspolitikken.

– Først såg den positive distriktsutviklinga ut til å vere eit reint resultat av satsinga på distriktspolitikk. Men så løfta vi blikket utover landegrensene og såg den same utviklinga i andre land utan same satsing på distrikta, fortel forfattaren.

– Distrikta i Noreg har likevel jamt over hatt ei meir positiv utvikling enn i land vi brukar å samanlikne oss med. Difor har politikken hatt effekt, legg han til.

Nedbygginga kom med oljen

Med oljen blei økonomien i Noreg kraftig betra. Likevel blei det ikkje brukt meir, men derimot mindre midlar på distriktspolitikken.

– Det som er det store paradokset, er at då dei store oljeinntektene kom inn, ville det ikkje kosta noko å halde ved like distriktspolitikken. Men frå og med det tidspunktet tok vi oss ikkje råd, og byrja i staden ei nedtrapping frå 1990, konstaterer Håvard Teigen.

Han peikar på urbanisering av leiarskapen i Arbeidarpartiet som ei mogleg årsak til nedtrappinga.

– Like overraskande er det kanskje at Senterpartiet heller aldri har vore pionerar i utviklinga av distriktspolitikken. Dei har forsvart gamle ordningar, men aldri vore offensive med nye tiltak. Heller ikkje når det gjeld bruk av oljepengar, seier Teigen.

Teigen meiner det hovudsakleg er to faktorar som har slått negativt ut for distriktspolitikken.

– For det første slo det negativt ut at Distriktenes utbyggingsfond blei nedlagt. Med det fondet forsvann eit kompetanseorgan som synleggjorde at løyvingane til distrikta gradvis gjekk ned. I ettertid kan ein nesten uttrykkje det som katastrofalt.

– For det andre er det uheldig at det no er fylkeskommunane som sit med hovudansvaret for distriktspolitikkutviklinga. Dei økonomiske midla blir handsama av fylkeskommunen, som bruker noko sjølv og sender resten vidare til Innovasjon Noreg regionalt. Vi veit ikkje korleis dei pengane blir nytta. Distriktspolitikken er ikkje lenger eit nasjonalt ansvar. Aldri før har den norske nasjonalstaten hatt så stort handlingsrom, men i distriktspolitikken har dette smuldra bort.

Grunn til å sjå mørkt på framtida

Teigen peikar på at det i utgangspunktet ser mørkt ut for framtida til distriktspolitikken, men at det òg er lyspunkt.

– Befolkningsgrunnlaget og talet på mandat frå ulike regionar er ein stor del av demokratiet vårt. Vi får stadig fleire 2.- og 3.-generasjons bybebuarar utan tilknyting til Distrikts-Noreg. Det er grunnlaget for pessimisme.

– På den andre sida hadde ingen sett for seg eit nytt distriktsopprør, slik vi har fått no. Dei store langtidstrendane gjer altså at ein kan sjå mørkt på utviklinga, men at distriktsengasjementet brått gløder til igjen, avsluttar Teigen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken