HF aukar opplaget

Redaktør: Eivind Dahle Sjåstad

Redaktør: Eivind Dahle Sjåstad

Artikkelen er over 3 år gammel

For første gong på mange år går opplaget til Hardanger Folkeblad oppover.

DEL

Hardanger Folkeblad hadde i 2016 eit samla opplag på 4639 eksemplar. I 2015 var talet 4514, noko som vil seie at det har vore ei auke på 125.

Det er lenge sidan avisa har kunne skryta av opplagsvekst, og redaktør og dagleg leiar Eivind Dahle Sjåstad seier dette viser at det er stor betalingsvilje for lokale og engasjerande nyheiter.

– Dette er flotte tal som er svært motiverande for oss i Hardanger Folkeblad. Sidan vi innførte betalingsløysing på nett for halvanna år sidan har vi jobba mykje med det digitale produktet vårt, og med god innsats frå alle tilsette i Hardanger Folkeblad kan vi no slå fast at vi er på rett veg. Vi har snudd ein negativ trend og har godt håp om ytterlegare auke, legg han til.

Tala vart lagt fram av Mediebedriftenes Landsforening tysdag saman med lesartala, som viser at Hardanger Folkeblad har om lag 11.000 lesarar.

41 prosent av norske aviser hadde ein opplagsvekst i 2016. Både Mediebedriftenes Landsforening og Amedia viser til auken i digitale abonnentar som grunn til at fleire no ser ei positiv utvikling for første gong på lenge.

Under finn du opplagstala for nokre av lokalavisene i distriktet vårt:

 20152016Endring
Hardanger Folkeblad45144639+125
Grannar35823534– 48
Grenda23252387+62
Hordaland Folkeblad54825299– 183
Kvinnheringen39414031+90
Avisa Hordaland81047880 – 224

Artikkeltags