Prøvde å køyre frå promillekontroll - vart tatt av politiet

DEL

UP hadde måndag morgon promillekontroll i Tyssedal.

- Det var ein førar som ikkje stoppa for kontrollen, og køyrde vidare. Politiet måtte då køyre etter og stoppa vedkomande, fortel Arne Olsen ved Hardanger Lensmannskontor.

Føraren er no mistenkt for å ha køyrd i ruspåverka tilstand.

- Det er tatt beslag i førarkortet og oppretta sak.

Det var om lag klokka 09.30 måndag morgon at føraren vart stoppa.

Artikkeltags