Køyrde på og stakk av

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Tysdag kveld vart Hardanger lensmannsdistrikt kontakta av ein person som opplyste at ein bil hadde køyrd på vedkomande sin bil då den stod på ein parkeringsplass i Odda sentrum.

Bilen som køyrde på stakk så frå staden, men etterforskingsleiar Paul Henriksen fortel at politiet har detaljar om denne bilen.

– Vi prøver å nøsta i kven som gjorde dette. Politiet ønskjer og tips i saka, seier Henriksen til Hardanger Folkeblad onsdag morgon.

Artikkeltags