Gå til sidens hovedinnhold

Fann tablettar med gateverdi på 25.000 kroner

Artikkelen er over 5 år gammel

Tysdag kveld vart ein mann med mistenkeleg åtferd observert i Odda sentrum.

Les og: Franskmenn stal undertøy

Då politipatruljen kom til staden verka mannen, som er i starten av 40-åra og kjend av politiet, rusa på narkotika.

– Han vart ransaka og tatt med til lensmannskontoret. Han hadde då narkotiske tablettar på seg, opplyser Henriksen.

Han anslår gateverdien av tablettane til 25.000 kroner.

Les og: Tjuveri av bilmotor og båtmotor

Mannen skal ha erkjent at nokon av tablettane kjem frå utlandet. Saka er meld.

Kommentarer til denne saken