Odda kommune har folk ute heile døgnet for å følgja situasjonen

Mykje vatn ved Sørfjordsenteret regn Odda. Kommunalsjefen opplyser at det har vore folk ute det siste døgnet for å halda oppsyn med vatnet. 

Mykje vatn ved Sørfjordsenteret regn Odda. Kommunalsjefen opplyser at det har vore folk ute det siste døgnet for å halda oppsyn med vatnet.  Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Bygda og badedammen i Tyssedal er dei tinga som skapar mest utfordringar onsdag morgon.

DEL

- Vi var ute i forkant, og sjekka at bekkeløp og bekkefar var opne. Mykje vind har ført til greiner og andre ting i bekkeløp, som igjen gir tette rister og røyr, seier Anton Langeland onsdag morgon.

Kommunalsjefen opplyser at det har vore folk ute det siste døgnet for å halda oppsyn med vatnet. 

Les og: Oppfordrer folk om å la bilen stå

Om det held fram vert utfordringa bemanning, men Langeland håpar nedbøren minkar utover dagen.

- Det skal gi seg. Eg reknar med vi klarar å stå av dette, så sant det ikkje dukkar opp nye, store ting, kommenterer Langeland.

Onsdag morgon er Bygda i Odda ei av dei største utfordringane. Her renn vatnet over og ned Opheimsgata mot Rådhuset.

- Vi er på saka, og har folk som ser på det. Etter kvart skal vi starta å grava, for å opna bekkeløpet og få vatnet ned der det høyrer heime, seier kommunalsjefen.

Vassmengdene har ført til utfordringar for trafikken, særskild ved Sørfjordsenteret, rådhuset og Bokkotunet i Odda.  Samstundes har ikkje Langeland fått meldingar om større problem.

Badedammen i tyssedal fylt med overvann fra bekken.

Badedammen i tyssedal fylt med overvann fra bekken. Foto:

- I Tyssedal er badedammen full. Vi har folk på staden, for vi veit ikkje kvifor den er full, forklarar Langeland.

Det skal ikkje vera overhengande fare for at dammen skal renna over, men kommunalsjefen synest det er urovekkjande at den har fylt seg opp. 

Førebels får ikkje dette konsekvensar for nærområdet, men kommunen vil ha kontroll på situasjonen.

- Vi ventar og på at vatn frå fjellet skal koma ned til Odda, og vil sjå korleis bekkeløp og elvar handsamar dette.  Så langt ser det ut til å gå greitt etter høva, fortel Langeland.

I videoen under kan du sjå korleis det såg ut då det rasa ved Byrkjenes.

Det har ikkje kome mykje snø, så han ventar ikkje mykje nedbør frå fjella, men legg til at dette kjem frå alle kantar. 

Les og: Her må butikken holde stengt på grunn av vannskader. Nå setter kommunen i verk strakstiltak

Elles er Langeland glad for at det ser ut til å ha gått greitt i gågata.

- Det er kjekt å sjå at tiltaka har fungert. Eg trur og butikkeigarane er nøgde, for situasjonen er ein heilt annan, trass i at det har regna meir.

Artikkeltags