"Kaffe på vent": – Folk har veldig lyst å gje til andre

Kafépause: Sigrid og Paulina jobbar i kaféen. Her kan ein kjøpe noko ekstra til nokon andre, som ein ikkje veit kven er.Foto: Inga Øygard Jaastad

Kafépause: Sigrid og Paulina jobbar i kaféen. Her kan ein kjøpe noko ekstra til nokon andre, som ein ikkje veit kven er.Foto: Inga Øygard Jaastad

Kafe Pause har starta med «Kaffe på vent». Kven som helst kan kjøpe noko ekstra i kaféen, også kan nokon som treng det kome innom og hente maten eller kaffien.

DEL

– Me har tenkt på det ei stund. Me har merka at folk har veldig lyst å gje til andre, fortel dagleg leiar ved kaféen, Tonje Hansen.

Ho har lest om «Kaffe på vent» på nettet, og ho ser på det som ein enkel måte å hjelpe andre på.

«Kaffe på vent» er ein italiensk tradisjon frå Napoli. Den vart kjent etter finanskrisa. Det inneber å spandere noko på ein kafé til ein som treng det som ein ikkje veit kven er.

– Me har hatt ein veldig god start. Det er mange som har kjøpt, og det er mange som har henta, fortel Hansen.

Vil halde fram etter jul

Dette starta dei med same helga som julegateopninga var.

– Dette vil me halde fram med så lenge det fungerer. Det er ikkje berre for juletider.

No håpar ho at fleire og fleire vil nytte seg av «Kaffe på vent».

– Konseptet er at kven som helst kan kjøpe noko ekstra i kaféen og let bestillinga ligge att, også kjem dei som treng det og hentar det som allereie er betalt, fortel Hansen om «Kaffe på vent».

Det vert sjølvsagt ikkje stilt spørsmål om ein treng det når ein kjem for å hente seg noko i kaféen, opplyser Hansen. Dei som føler dei treng det kan kome og hente seg noko som er førehandsbetalt.

Hansen leste om konseptet på nettet, og det var frå andre kaféar i Noreg som hadde starta opp med det at ho fekk ideen.

Hjelpevillige

– Rett før me byrja med det var det faktisk ein kunde som tipsa om at det kunne vere noko for oss.

Sjølv om ho trur det kan vere litt vanskelegare i ein liten by som Odda, meiner ho at folk er meir enn villige til å hjelpe andre. Dette er ein fin måte å gjere det lettare for folk å hjelpe andre.

– Eg vil sjølvsagt oppfordre alle til å bruke det. Det er veldig kjekt å sjå at det vert nytta av folk i alle aldrar, seier Hansen.

Kvitteringane på det som vert kjøpt ekstra heng dei på ein plakat framføre disken, også kan folk kome og velje det dei vil ha av det som er betalt i framkant.


Artikkeltags