Snart er det slutt på 2018. Èin ting må du hugsa på under feiringa

Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Politi og brannvesen oppmodar om å visa stor varsemd ved bruk av fyrverkeri.

DEL

Om få dagar går vi inn i det nye året og det er igjen tid for fest og fyrverkeri.

Odda kommune påpeikar at både bakkefyrverkeri og stjerneskot kan gje alvorlege skadar om det vert brukt på feil måte.

– Auge og ansikt er spesielt utsett for skader, så bruk vernebriller. Hugs også vernebriller til små og store som skal vera i nærleiken av fyrverkeri, oppfordrar brannsjef Sigbjørn Kleppe.

Bruk av fyrverkeri er berre lov på nyttårsaftan mellom klokka 18.00 og 02.00.

Det skal ikkje brennast av fyrverkeri, uansett klasse, dersom det kan oppstå fare for brann eller personskade.

I Noreg er det totalforbod mot å skyta opp rakettar med styrepinne. Bruk av naudrakettar er alltid forbode dersom det ikkje er ein reell naudsituasjon.

Det er ikkje lov å senda opp flygande lanterner, påpeiker kommunen.

- Flygande lanterner med tent flamme utgjer ein brannrisiko.

Brannsjefen i Odda og Ullensvang viser til dei generelle vedtaka om aktsemd i brann- og eksplosjonsvernlova, og forbyr all bruk av desse.

- Sender ein ei lanterne opp i lufta har ein ingen kontroll på flammane, og det er umogleg å styra kvar den landar. Lanterna kan difor antenna ein brann utan at ein veit om det, seie Kleppe.


Her er kommunen sine 10 gode råd om bruk av fyrverkeri


1. Førebu fyrverkeriavfyringa i god tid og finn ein eigna stad til avfyringa

2.Les bruksanvisninga nøye før bruk

3.Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skada

4.Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velte

5.Bruk tennstav. Ikkje bruk lighter, fyrstikker eller anna åpen flamme.

6.Bruk vernebriller

7.Bøy deg aldri over tent fyrverkeri. Når du har tent lunta, bør du raskt snu ansiktet vekk og komme deg på trygg avstand

8.Ikkje tenn fyrverkeriet på nytt dersom det ikkje tenner ved første forsøk

9.Hold god avstand fra oppskytinga

10.Alkohol og fyrverkeri hører ikkje saman

Artikkeltags