Gå til sidens hovedinnhold

Derfor er delar av elvepromenaden stengt

Artikkelen er over 2 år gammel

NVE jobbar med å reparera skadene etter flaumen i oktober.

For abonnentar

Delar av gangstien langs Opo i Odda er stengt av som følge av at NVE utfører opprettingsarbeid etter at plastring vart skadd under flaumen i oktober.

Partiet som er skadd ligg mellom Øyna og sjukehuset. Då det er snakk om vinterarbeid, seier Eirik Lia i Odda kommune at det vil ta litt tid å få utført arbeidet.

– Det vil nok gå i alle fall ut desember, seier han.

Men då skal alle skadane etter flaumen vera utbetra.

Både når det gjeld omfanget av reparasjonane og kostnadene må ein ta nye vurderingar undervegs i arbeidet, ifølge Lia.

– Dette er ein sak mellom kommunen og NVE. Vi gjorde eit overslag etter flaumen, og håpar vi skal halda oss innanfor det, men det er vanskeleg å setta eksakte tal før ein har sett om skadane er større eller mindre enn først antatt, seier han.

I etterkant av flaumen opplyste kommunen at det var funne skadar i flaumsikringa for 1,2 millionar kroner ved sjukehuset, og på Hjøllo for 3–400 000 kroner.

Ønsker meir sikring

I eit brev til kommunen har Odda jakt og fiskelag ved sekretær Sven Olaf Brekke tatt til orde for at promenaden burde sikrast betre, ved å setta opp gjerde langs eit lengre strekke enn det er i dag.

– 14. oktober gjekk underteikna store delar av elvepromenaden, då elva var svært stor og mykje stein blei frakta nedover elveleiet. På delar av strekninga er plastringa svært bratt, og dersom ein skulle snuble på elvebreidda og falle i flaumstor elv, så er det den sikre drukningsdød, skriv dei mellom anna.

Lia seier det er sett opp gjerde der det er krav til det, og at på resten av strekninga ligg plastringa på ei helling slik at dei same krava ikkje blir utløyst.

– Men det er klart kommunen må vurdera det, og vi tar innspelet seriøst.

Han forklarer at kostnader knytt til dette ikkje blir dekt av det prosjektet NVE har vore inne og gjort.

– Det er noko kommunen må ta stilling til, seier han.

Kommentarer til denne saken