– Det viste seg å berre vera eit bål i hagen. Dette var ikkje meld inn til brannvesenet, men heldigvis var det ikkje nokon dramatikk, seier Svein Buer, som er fungerande etterforskingsleiar i Hardanger lensmannsdistrikt.

Han legg til at det var personar som såg bålet på avstand som varsla og trudde det var brann i bustaden. Personen som laga bålet fekk pålegg om å varsla på førehand neste gang.