No er det ekstremt tørt - skogbrannfaren er venta å bli større

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Heile Sør-Noreg er prega av varme og lite nedbør. Skogbrannfaren er stor mange stadar og venta å bli større.

DEL

Det er ekstremt tørt i store delar av Sør-Noreg. Frå Trøndelag og sørover varslar Yr stor gras-, lyng- eller skogbrannfare.

– Det er heller ikkje venta regn framover, noko som igjen aukar faren. Vegetasjon kan lett ta fyr, og store område kan bli ramma, skriv Yr-meteorologane på Twitter tysdag formiddag.

– Veldig tørt i skog og mark i vårt område. Ver forsiktig med eld, skriv Vestviken 110-sentral i drammensområdet på Twitter tysdag. Måndag kveld måtte mannskapa få bistand frå eit brannhelikopter då det braut ut brann i lyng og kratt ved DNT-hytta Eikssetra i Lier.

På Yr er det sendt ut obs-varsel for tre område. Dette gjeld Austafjells, Vestlandet sør for Stad og for Møre og Romsdal og Trøndelag. For alle område gjeld oppfordringa om at folk må vere forsiktige med bruk av eld. Det vil vere tørt, og faren for brann er stor så lenge det ikkje kjem nedbør av ei viss mengde. Det er ikkje varsla noko nedbør dei nærmaste dagane.

Artikkeltags