Medan dei flest bilane i taxibransjen er dominert av køyretøy med høg komfort og god plass bestemte Evald Jåstad frå Ullensvang seg for å kjøpa inn ein sportsbil. Valet falt på kruttønna Ford Focus RS.

På folkemunne vert bilen berre kalla RS-taxien eller «Det blåa lynet». Under panseret sit ein 2,3 liter Ecoboost-motor som yt 350 hk, noko som gjer at bilen kan gå frå 0–100 km/t på 4,7 sekund.

Men han strekar under at han tek det roleg på vegane i Indre Hardanger. Han er trass alt avhengig av sertifikatet i jobben og har fleire faste fornøgde kundar, mellom anna ei eldre dame som berre vil bli køyrd av RS-taxien når ho skal på tur.

Oppdaga på Facebook

Det er to år sidan han bestilte inn bilen, men for ei stund sida vart han oppdaga av Ford of Europe.

– Dei hadde sett bilde av bilen på Facebook, forklarar han.

Dei ønska RS-taxien og Evald med i ein ny reklamefilm og sende mellom anna eit filmteam og ein reporter frå Ford of Europe til Odda.

– Vi filma ulike plassar. Det var mykje styr og lange dagar men det var veldig greitt å vera med på. Det blir spennande å sjå resultatet, seier Jåstad.

HF var med under innspelinga i fjor haust og det vart då filma både inne i bilen på små korte turar med kundar og på langturar med fjell og fjord som kulissar.

I dag vart reklamefilmen lansert og får truleg eit stort publikum verda over.

 

På videoen får vi eit innblikk i arbeidskvardagen til Evald og får møta både turistar og lokale innbyggarar. Vi får og bli kjent med familiemannen Evald og sjølvsagt høyra gromlyden frå RS-taxien gjennom Oddadalen.

Ford-entusiast

Det er Sogndal-baserte Falkeblikk AS som har stått for sjølve innspelinga.

– Eg ser på det som god reklame for heile Hardanger, men sjølvsagt er det kjekt både for meg og for Odda taxi, seier Jåstad som òg har vore i Tyskland i forbindelse med innspelinga av reklamevideoen.

Det var mykje styr og lange dagar men det var veldig greitt å vera med på

Evald Jåstad

 

– Kva var det som gjorde at du ville ha ein slik bil som taxi?

– Då eg såg den første gong trudde eg ikkje dei kom til å laga 5-dørsbilar. Då eg i tillegg såg at bilen var såpass stor, tenkte eg at dette kan gå  bra. Den bilen skal eg ha, seier Jåstad som har vore Ford-entusiast i over 30 år og har vore interessert i rallycross så lenge han kan hugsa.

Bildeserie

Sjå bileta frå filminnspelinga

 

Dermed vart verdas aller første RS-taxi levert ut, med firehjulstrekk og taksameter. Etter Evald har det komme tre nye RS-taxiar. Den andre køyrer i Grimstad, medan den tredje er i Rotterdam.

Uansett, Evald Jåstad er den einaste som har fått  bilskiltet RS-Taxi 1.