Mads Gilbert er med via telefon

Mads Gilbert

Mads Gilbert (Foto: )

Av

Køyreplanen for sjukehusaksjonen endrar seg frå time til time. Arrangørane har ikkje problem med å mobilisera breitt.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Les Hardanger Folkeblad i ein heil månad for BERRE 1 kr!

Torsdag er det planar om storaksjon for Odda sjukehus. Helse Fonna held folkemøte i Odda kino. Før møtet vert det appellar og markering under hovudparolane «Akuttkirurgi reddar liv!» og «Vi brenn for Odda sjukehus».

– Programmet endrar seg frå time til time. Mobiliseringa går veldig bra, melder Terje Kollbotn, leiar av arbeidsutvalet i LO.

På arrangørsida har LO i Indre Hardanger fått med seg sjukehusutvalet, Fagforbundet i Odda, Odda Kjemiske Arbeiderforening, Elektrokjemisk Arbeiderforening og Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag.

Korte appellar

Det vert satsa på korte appellar på maks tre minutt for å få inn alle som har meldt dei vil snakka på torsdag.

Dijana Milicevic Saga, leiar i Fagforbundet i Odda og nestleiar i LO i Indre Hardanger er første kvinne ut med appell.

Deretter snakkar Trygve Bolstad (formannskapsmedlem Ap og medlem av sjukehusutvalet, så Valborg Sekse (medlem av sjukehusutvalet og operasjonssjukepleiar og tillitsvald i Norsk Sjukepleiarforbund før Odda-forfattar Lars Ove Seljestad les kampdikt for sjukehuset.

Ystanes

Nils Johan Ystanes frå Folkerørsla for lokalsjukehus, Tizir og Odda-industrien snakkar før anestesioverlege og lokalsjukehusaktivist Mads Gilbert vert direkte overført via telefon til rådhusplassen i Odda.

John Opdal, tidlegare ordførar i Odda (H) og fylkesrepresentant frå Senterpartiet Bente Bondhus frå Kvinnherad skal halda appell, det same skal leiar av Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag, Arne Lofthus.

Forfattar Lars Ove Seljestad har med seg to dikt denne dagen.

Video til litteraturhuset

Kinosalen har plass til 484 personar. Både aksjonistane og Helse Fonna reknar med at desse plassane raskt vil fylla seg opp. Odda kommune vil alle skal få høve til å følga folkemøtet og overfører difor folkemøtet via internett på nettsidene til kommunen. Møtet vert etter planen òg overført på nettsidene til Hardanger Folkeblad, Radio Folgefonn og på Facebook.

Det som skjer i kinosalen vert òg direkte overført til Sentralbadet Litteraturhus der arrangørane legg opp til servering.

Artikkeltags