Inviterer alle inn på sjukehuset for å markera 100 årsdagen

Odda sjukehus:

Odda sjukehus:

Artikkelen er over 1 år gammel

- Vi har bestilt kake til 150 personar og gler oss over gode vêrmeldingar, seier seksjonsleiar i Odda Ingunn-Olin Haugen.

DEL

Ho er og leiar av jubileumskomiteen og inviterer  alle interesserte til markeringa tysdag 12. juni.

– Det blir kake og kaffi og nokre historiske tilbakeblikk, seier Haugen i ei pressemelding.

Les også: Då Nils Olav Lundal fekk tilbod om å reisa til Odda for å operera, sa han ja med ein gong

For å skjerme pasientar og pårørande som treng ro blir det for anledninga rigga til ein eigen inngang for gjestene i fløyen som går mellom hovudinngangen og den vesle parkeringsplassen.

 – Vi pyntar denne inngangen med banner og blomar, så det skal ikkje vere mogleg å gå feil, smiler komitéleiaren.

Markeringa er frå klokka 12 til klokka 16, og folk kan kome når det passar.

Les også: Aukar poliklinisk verksemd: – Me følger trenden, og det er eg stolt over at me greier å få til

 – Dette skal vere ei folkeleg markering der alle skal kjenne seg velkommen. Med dei fine vêrmeldingane håpar vi å kunne bruke dei fine uteområda også, legg ho til.

Dagen etter blir det ei ekstra markering kun for medarbeidarane ved sjukehuset.

Artikkeltags