Fekk pris: - Me er stolte av at ho kjem frå Odda

I odda: Helga Mannsåker var søndag i Odda for å ta i mot prisen. Prisen er trykket «Bokstavflygarar» av Solfrid Aksnes.foto: håkon tverdal

I odda: Helga Mannsåker var søndag i Odda for å ta i mot prisen. Prisen er trykket «Bokstavflygarar» av Solfrid Aksnes.foto: håkon tverdal

Artikkelen er over 1 år gammel

Prisen frå Odda mållag vart tidelt på deira kulturkveld søndag.

DEL

HF har tidlegare skrive at det var Helga Mannsåker som fekk målprisen 2017 frå Odda Mållag. Søndag vart prisen tildelt Mannsåker på kulturkvelden i mållaget.

På arrangementet heldt Helga Mannsåker eit foredrag om temaet språk og spørsmål kring Oddamodellen, eit tema ho har vore svært engasjert i. Hennar varme omtale av modellen er ein av grunnane til at Odda Mållag gav ho prisen.

– Helga Mannsåker er ei av dei som har argumentert sterkast og mest overtydande for Oddmodellen, som sikrar ein språkdelt ungdomsskule, skriv dei i si grunngjeving.

- Venleg, varsam og vinnande

Dei nemner at ho har talt klart og overtydande for oddamodellen både på møter i Odda Mållag, Noregs Mållag og på valmøte i Bergen.

Mannsåker har undervist ved Universitetet i Bergen sidan 2011, og hausten 2017 forsvarte ho doktoravhandlinga «Schizofrene symptom og splitta sinn. Kritiske metonymi- og metaforanalysar av fagtermar knytte til diagnosen schizofreni i skandinaviske lærebøker i psykiatri.»

– Med sitt vennlege, varsame og vinnande vesen er ho i dag mellom dei fremste nynorskambassadørane i landet vårt. Me er stolte av at ho kjem frå Odda og at ho er medlem i Odda Mållag, skriv mållaget.

– Det er veldig hyggeleg at dei meiner at eg fortener denne prisen, sa Helga Mannsåker til HF, då det i februar vart klart at ho skulle ta i mot prisen.

Mållaget til angrep på Forsvaret

Skuffa etter manglande satsing på språkdelt ungdomsskule 

Artikkeltags