Målrørsla misnøgd med den nye læreplanen

Magnus Aasbrenn: Leiar i Norsk Mållag. arkivfoto

Magnus Aasbrenn: Leiar i Norsk Mållag. arkivfoto

Fornyinga av læreplanane i skulen er i strid med regjeringa sine eigne intensjonar i språkpolitikken, meiner leiaren i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn.

DEL

Kunnskapsdepartementet la måndag fram dei nye læreplanane for grunnskulen og vidaregåande skule som skal innførast frå hausten 2020.

I læreplanen for norskfaget fjernar regjeringa eiga halvårsvurdering med karakter i 8. og 9. klasse og på VG1 og VG2. Då vil elevane berre ha halvårsvurdering og standpunktkarakter i sidemål i 10. klasse og VG3.

I tillegg blir det stilt lågare krav til sidemålskompetanse i sluttvurderinga.

– Det vil vere med å senke kompetansen i nynorsk som sidemål i samfunnet og å auke språkskiftet frå nynorsk til bokmål på vidaregåande, slår Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, fast i ei pressemelding.

Aasbrenn er ikkje berre kritisk til reforma, og meiner det er flott at elevane skal starte med skriveopplæring i sidemål tidlegare enn før.

Han er ikkje den einaste som meiner reforma er i strid med språkpolitikken.

– Framlegget bryt med norsk språkpolitikk. Dette fører ikkje til meir likestilling og likeverd mellom dei to skriftspråka, skriv Per Magnus F. Sandsmark, direktør i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Artikkeltags