99 naturområde foreslått verna

Låtefoss er eit av områda Fylkesmannen meiner har spesielt stor verneverdi

Låtefoss er eit av områda Fylkesmannen meiner har spesielt stor verneverdi Foto:

Av

Fylkesmannen i Vestland meiner 99 område i Hordaland og Sogn og Fjordane har spesielt stor verneverdi.

DEL

Det er eit stort spenn i naturtypar som er omfatta i forslaget frå Fylkesmannen. Områda inneheld fjell, bratte fjordlier med bekkekløfter og fossesprøytsoner, og elvedelta i både sjø og vatn. I tillegg til kystområde med opne naturbeite og kystlyngheiområde.

– Områda er viktige bitar Vestlandsnatur og består både av trua artar og naturtypar, skriv Fylkesmannen på nettsida si.

Av dei til saman 99 kandidatområda er 32 i Hordaland og 67 i Sogn og Fjordane. Vern av desse vil i noko grad oppfylle målet om vern av ein representativ del av norsk natur. Ni naturreservat blir foreslått utvida, i tillegg til tre nasjonalparkar, opplyser Fylkesmannen.

Fylkesatlas viser dei verneverdige naturområda på kartet.

Forslaga til verneområde er send til Miljødirektoratet, som skal levera ei samla vurdering av supplerande verneområde til Klima- og miljødepartementet.

Artikkeltags