Havforskingsinstituttet vil ha 60 færre oppdrettsanlegg på Vestlandet

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto Foto:

Av

Havforskingsinstituttet vil få bukt med lus, smittespreiing og høge dødsratar i oppdrettsmerdane. Derfor vil dei ha 60 færre oppdrettsanlegg på Vestlandet.

DEL

Havforskingsinstituttet vil få bukt med lus, smittespreiing og høge dødsratar i oppdrettsmerdane. Derfor vil dei ha 60 færre oppdrettsanlegg på Vestlandet.

Det radikale forslaget vart presentert fredag i eit møte mellom Havforskingsinstituttet og næringa, skriv Bergens Tidende.

Den samla produksjonen skal ikkje gå ned, men flyttast frå problemanlegg til anlegg med mindre lus og sjukdom.

– Forslaget vårt er å redusera talet på oppdrettsanlegg ganske kraftig, men halda på dei beste lokalitetane og auka produksjonen her, seier forskingsdirektør Geir Lasse Taranger ved Havforskingsinstituttet.

Forslaga gjeld for produksjonssone 3 som strekkjer seg frå Karmøy til Sotra, og omfattar mellom anna den utsette Hardangerfjorden. I området står 167 oppdrettsanlegg svært tett.

Det er Nærings- og fiskeridepartementet som har bestilt utgreiinga frå Havforskingsinstituttet. Departementet har lenge vore bekymra for dei store problema med lus og sjukdom i området.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken