Historisk godt resultat for SKL

(Illustrasjonsfoto frå arkivet).

(Illustrasjonsfoto frå arkivet).

Det melder selskapet i ei pressemelding måndag.

DEL

(Kvinnheringen) «Med ei årsomsetning på 1.254,9 millionar kroner, fekk konsernet SKL i 2018 eit resultat etter skatt på 354,6 millionar kroner. Resultatet er 201,7 millionar kroner betre enn i 2017. Driftsresultatet i 2018 var 822,9 millionar kroner mot 410,5 millionar kroner året før. Skattekostnaden for 2018 er rekna til 468,3 millionar kroner mot 253,5 mill. kr i 2017. Årsresultatet er vesentleg betre enn 2017», skriv SKL i pressemeldinga.

Høgare pris og godt tilsig til kraftstasjonane er viktigaste grunnane til det gode resultatet. Vidare har prisen på elsertifikat og opphavsgarantiar vore høgare enn i 2017, heiter det vidare.

Kraftproduksjonen til selskapa konsolidert i konsernet var i 2018 på 2.612 GWh, som er 14 prosent over det som er rekna som middels produksjon. Sjølv om sommaren 2018 var svært turr, kom det godt tilsig frå Folgefonna, og SKL kunne produsera normalt i Blådalsvassdraget heile sommarhalvåret.

«Hausten gav rikeleg med nedbør. Desse tilhøva førte til dei høge produksjonstala. Magasininnhaldet var ved inngangen til 2018 140 GWh høgare enn ved utgangen. Total nedbør i Matre vart 3188 mm (12 % høgare enn normalt) mot 3776 mm i 2017. Gjennomsnittleg områdepris der SKL har hovuddelen av produksjonen enda på 41,5 øre/kWh, 14,7 øre/kWh høgare enn i 2017.»

Artikkeltags