– Mange tilreisande

Joar Førde seier at suksessen Fjorden Cowboys og Lothepus sine sprell på Farmen Kjendis, vil ha ein positiv effekt på næringslivet i Odda.

God omsetning: Joar Førde og sambuaren Sigrid Måge starta Mekk Hardanger i september 2016, og har merka stor pågang frå folk utanbys frå etter at butikkopninga vart vist under førre vekes episode av Fjorden Cowboys.

God omsetning: Joar Førde og sambuaren Sigrid Måge starta Mekk Hardanger i september 2016, og har merka stor pågang frå folk utanbys frå etter at butikkopninga vart vist under førre vekes episode av Fjorden Cowboys.

DEL

1 mnd: kr: 49,- Hold deg oppdatert på hva som skjer - bli abonnent på HF+ i dag!

Han og sambuaren Sigrid Måge starta Mekk Hardanger i september 2016, men opninga vart ikkje vist på TV før førre vekes episode av Fjorden Cowboys, ein episode som trakk heile 300.000 sjåarar til TV2 Zebra. Parallelt med sesong fire av Fjorden Cowboys har Leif Einar Lothe og gjort stor suksess på Farmen Kjendis, der han gjekk heilt til topps søndag kveld.

– Det tok heilt av i butikken dagen etter at opninga vart vist på TV. Torsdag, fredag og laurdag hadde vi juleomsetning, og det i midten februar, fortel Førde med eit smil.

I løpet av desse dagane fekk Mekk Hardanger besøk av tilreisande frå Bergen, Haugalandet, Tysnes og Tønsberg. I tillegg var det også mange «nye» oddingar innom butikken.

– Det heile toppa seg då vi opna dørene laurdag morgon. På utsida stod eit par som hadde køyrt 12 timar frå Trøndelag. Dei kjøpte spylarvæske og tok nokre bilde, før eg sende dei ut i fjorden slik at dei fekk kjøpt sider med seg heim, seier Førde og ler.

Han er ikkje i tvil om at TV-suksessen til både Fjorden Cowboys og Lothepus sine sprell på Farmen Kjendis vil ha positiv innverknad for både Mekk Hardanger og resten av næringslivet i Odda.

– Eg antar at dei som kjem langvegs frå både fyller bensin og tar seg ein rusletur i sentrum, meiner han, og legg til at handelsnæringa i Odda bør førebu seg på ein eksepsjonelt bra sommar.

Eg antar at dei som kjem langvegs frå både fyller bensin og tar seg ein rusletur i sentrum

Joar Førde

– Kva synest du om at Lothepus vann Farmen Kjendis?

– Det er heilt supert, Lothe har gjort ein veldig god figur. Eg trur han har kost seg under opphaldet på Farmen, han lever jo trass alt på 1800-talet, så dette har nok vore heilt topp for han, svarar Førde spøkefullt.

– Som den levemann du er, korleis er det å stå bak disken på Mekk medan Lothe er på TV med Linni Meister og Aylar Lie?

– Eg misunner han livet på Farmen, men ikkje det kjendishysteriet han opplever no. Sjølv så får eg bra med publisitet, men utan at det vert for mykje. Eg får dermed i pose og sekk, seier den eine halvdelen av Fjorden Cowboys.

– Nokre framtidsplanar?

– Fjorden Cowboys går sin gang. Vi skal snart spela inn sesong 5 og 15 nye episodar. Gudane må vite kva som skjer med Lothepus i tida framover, han er jo den mest kjente mannen i Noreg for tida. Det er heilt vilt, svarar Førde.

Artikkeltags