Norsk Industri spår god vekst i 2019

Av

Industrien vil ha ein vekst på mellom seks og åtte prosent i 2019, spår Norsk Industris konjunkturrapport.

DEL

200 av Noregs største industribedrifter har meldt inn sitt syn på framtida i den omfattande undersøkinga. Prognosen i rapporten er at sysselsetjinga i industrien vil vekse med to prosent i år.

– Særleg er det prosessindustrien som no investerer. Utviklingsløyva i oppdrettsnæringa bidreg òg med store fastlandsinvesteringar. Auka investeringar sikrar arbeidsplassar over tid, skriv Norsk Industri.

Eit oljecomeback blir også trekt fram som ei viktig årsak til den positive utviklinga.

Les også:

Vil ha eigen næringsutviklar i den nye kommunen 

Ordreboka er full tre månader fram: - Odda Plast har aldri vore i denne situasjonen før 

– Vi håpar å bli ganske mange fleire 

– Etter fleire harde år med kraftig nedskalering gjer oljeindustrien i år comeback. Heimemarknaden har halde seg takka vere Johan Sverdrup. No vaknar også den internasjonale marknaden igjen. Leverandørindustrien innstiller seg på fleire mindre utbyggingar og dels vriding over mot nærliggjande marknader, skriv organisasjonen i gjennomgangen av rapporten.

Artikkeltags