Mowi med milliardoverskot

Mowi sitt anlegg i Herand.

Mowi sitt anlegg i Herand. Foto:

Av

Laksegiganten Mowi hadde eit operasjonelt driftsresultat på 196 millionar euro i første kvartal i år, tilsvarande over 1,9 milliardar norske kroner.

DEL

Mowi har anlegg både i Herand og på Fjæra.

I første kvartal i fjor var det operasjonelle driftsresultatet på 158 millionar euro.

– Etterspørselen etter produkta våre held fram å vere god. Det har gitt høge prisar i alle marknader. Kombinert med rekordhøge volum og god drift har dette bidratt til gode resultat for konsernet, seier konsernsjef Alf-Helge Aarskog i Mowi, tidlegare Marine Harvest.

Selskapet hadde driftsinntekter og andre inntekter på 979 millionar euro i første kvartal, opp frå 862 millionar i første kvartal 2018.

Det totale slaktevolumet i første kvartal enda på 104.118 tonn, samanlikna med 81.212 tonn i første kvartal i fjor. Forventa slaktevolum for 2019 er framleis 430.000 tonn, opplyser selskapet.

Mowis styre har vedtatt å betale ut eit utbytte på 2,60 kroner per aksje i første kvartal.

Artikkeltags