Snart kan du bruka TV-abonnementa dine i utlandet

6. juli blei det avgjort å ta den såkalla portabilitetsforordninga, som tok til å gjelda i EU i april i år, inn i EØS-avtalen.

6. juli blei det avgjort å ta den såkalla portabilitetsforordninga, som tok til å gjelda i EU i april i år, inn i EØS-avtalen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Kulturdepartementet vil at nordmenn som abonnerer på Netflix, TV 2 Sumo og HBO, også skal kunna sjå TV på reise i utlandet.

DEL

Bakgrunnen er at EU har avgjort at abonnentar av portable nettbaserte innhaldstenester også får tilgang til desse tenestene ved mellombels opphald utanfor bustadstaten.

6. juli blei det avgjort å ta den såkalla portabilitetsforordninga, som tok til å gjelda i EU i april i år, inn i EØS-avtalen.

– Eg er svært nøgd med at norske forbrukarar snart, på lik linje med borgarar av EU-land, kan få full tilgang til dei nettbaserte abonnementstenestene sine når dei oppheld seg utanlands, seier kulturminister Trine Skei Grande (V) i ei pressemelding.

Artikkeltags