No er det ikkje nok å melda ny adresse til avisa

Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Frå i år skal også Posten ha beskjed når du vil ha avisa til ei anna adresse i ferien.

DEL

– Det er ikkje lenger tilstrekkeleg å berre informera avisa om mellombels ferieadresse. No må avisabonnentane også informera Posten om dette for å vera trygg på at avisleveringa blir gjennomført som forventa, opplyser Ole Morten Ona Ringdal, direktør i Amedias sentrale kundesenter.

Dette er kundesenteret til Hardanger Folkeblad og ei rekkje andre aviser.

Postens nye rutinar gjer at utsending av lokalaviser mellom landsdeler tar opptil to dagar meir enn tidlegare. I tillegg må alle avisabonnentar altså informera Posten om ferieadressa si.

– Kvar sommar blir kundesenteret kontakta av abonnentar som ikkje har fått avisa som forventa, dette til trass for at abonnenten har gitt beskjed til oss via telefon, e-post eller har registrert mellombels omadressering via sjølvbetjening. Skal du vera sikker på at avisa blir levert korrekt, må du altså i tillegg registrera ferieadressa din som tilleggsadresse hos Posten, oppmodar Ona Ringdal.

Avisabonnentar må også vera klar over at postens omleggingar av A- og B-post frå nyttår, inneber at dei som ferierer på ein anna stad i Norge utanfor avisa sitt primærområde, no kan få avisa 1-2 dagar seinare enn før. Dette gjeld dei som får avisene levert av Posten.

Rutinane for avisdistribusjon med andre selskap er uforandra. Ona Ringdal minner samtidig om at samtlige abonnentar også har tilgang til avisa digitalt, både eAvisa (ein rein digital kopi av papiravisa) og nettavisa.

Artikkeltags