22 butikkar skal tilby «Mjølmums»

Lokale larver: NIBIO Ullensvang har prosjekt om larver som mat for fisk. Arkivfoto: Sondre Lingås Haukedal

Lokale larver: NIBIO Ullensvang har prosjekt om larver som mat for fisk. Arkivfoto: Sondre Lingås Haukedal

Tek du turen austover, kan du jakta på «Mjølmums».

DEL

Daglegvarekjeda Meny har, som fyrste kjede i Norge, inngått avtale med larveverksemda Invertapro på Voss. Verksemda Bakehuset skal produsera grovbrødet Mjølmums som mellom anna skal ha smaken av 100 malte mjølbillelarver frå Voss, melder Hordaland.

Gründerane bak larveriet er særs nøgde med avtalen. I fyrste omgang skal 22 Meny-butikkar i Oslo-området tilby Mjølmums. Larvegründerane viser til at det i mange land er vanleg å eta larver, og vil gjera sitt for å handtera både matmangel og miljø. Mjølmums har lågt fotavtrykk, seier dei.

Går salet bra, vil Meny utvida til Bergensområdet og Voss. Kan hende aukar dei og delen larvemjøl (i dag 2,1 prosent). Selskapet ynskjer å vera leiande på innovasjon, utval og trendar.

Artikkeltags