Bleie gard nominert til pris

Alde: Olav Bleie produserer Alde sider på Bleie gard. arkivfoto: Sondre lingås haukedal

Alde: Olav Bleie produserer Alde sider på Bleie gard. arkivfoto: Sondre lingås haukedal

Siderprodusenten Bleie gard er nominert til Årets Lokalmatgründer.

DEL

Årets Lokalmatgründer er eit samarbeid mellom HANEN og MENY, og har som mål å løfta fram den beste gründeren innan norsk lokal mat og drikke. I år er siderprodusenten Bleie gard i Ullensvang nominert. Olav Bleie har blitt heidra fleire gongar for si satsing på sider, og kan no vinna 50.000 kroner då vinnaren skal kårast 13. september i Seljord. Juryen seier dette om årets finalistar:

– Vi ser ei fin utvikling og kvalitetsheving innan etablerte kategoriar som kjøt og ost, og ein framvekst av nye, spennande produkt. Vi ser også ei stor rørsle innan drikkevarer, både øl, sider, brennevin og alkoholfritt.

Dei seks kandidatane vil bli presentert gjennom sommaren, og det vil vera ei avstemming i løpet av august, på HANEN sine nettsider.

Artikkeltags