Vi kjøper lokalmat for over 11 milliardar

Av

Nordmenn kjøper meir lokalmat og -drikke enn det som hittil har vore kjent, går det fram av nye tal.

DEL

Stiftinga Matmerk har målt og presentert tal for omsetning av norsk lokalmat og -drikke i norsk daglegvarehandel kvart år. No har dei også undersøkt kor mykje som vert selt utanfor daglegvarebutikkane, fortel Nationen.

Salet av lokalmat og -drikke i storhushaldsmarknaden og ved direktesal i 2019 er på 6 milliardar kroner.

Det er meir enn salet i alle daglegvarekjedene til saman. Der er det omsett lokalmat og -drikke for 5,25 milliardar kroner i år. Det er ein vekst på 5,6 prosent frå 2018 og utgjer 281 millionar kroner.

Det totale talet for omsetninga på faste og flytande spesialitetar er dermed på 11,25 milliardar kroner.

– Dette seier noko om lokalmat, kvalitetsmessig, og at folk ønskjer å bruke det i det store og det små. Men også at det skaper arbeidsplassar, kultur og tilhøyring, reiseliv og mykje meir, seier Olaug Bollestad til avisa Nationen.

Artikkeltags