Desse vann Kvasshovden Opp

Blå himmel og vindstille: Vann motbakkeløp i Ulvik. Thorbjørn Ludvigsen og Anita Iversen Lilleskare.

Blå himmel og vindstille: Vann motbakkeløp i Ulvik. Thorbjørn Ludvigsen og Anita Iversen Lilleskare. Foto:

Thorbjørn Ludvigsen (Varegg Fleridrett) og Anita Iversen Lilleskare (BFG Bergen Løpeklubb) vann Kvasshovden Opp.

DEL

Motbakkeløpet i Ulvik vart laurdag arrangert for 11. gong.

«Totalt var det nesten 70 påmeldt i konkurranseklassane. I mosjonsklassen var det over 200, så totalt var det nesten 300 opp til topps. I tillegg var det og ein god del som gjekk opp utan å vera med i mosjonsklassen», skriv arrangøren i ei pressemelding.

Mange gode motbakkeløparar var med. Det vart ein tett kamp mellom motbakkespesialist Thorbjørn Ludvigsen, Varegg Fleridrett og randonee spesialist Lars Erik Skjervheim, Voss IL der Thorbjørn Ludvigsen avgjorde dei siste stigningane og vann med over eitt minutt på tida 47,52.

«Thorbjørn si tid er den nest beste tida i den nye løypa og den tredje beste gjennom alle tider», opplyser arrangøren.

Dameklassen vart vunne av Anita Iversen Lilleskare, BFG Bergen Løpeklubb på 58,12, føre Karoline Holsen Kyte, Førde med 1,00,18.

Artikkeltags