Hjørnevik til Ekspedisjonen

Lyrikk med glimt i auga, ordsprell og rim. Det er på tide å dele både eitt og hitt no når haustens grøde er i hus og me ventar på ulike nisjeprodukt. Jon Hjørnevik tek turen til Ekspedisjonen Skjenkestove på Lofthus fredag. Han set både stemning og støkk i folk med sine dikt og sitt skråblikk på livet.

DEL

Førstkomande fredag, 15. november, kjem diktaren, komikaren og vossingen Jon Hjørnevik til Ekspedisjonen med sine underfundige tekstar og sprell. «Han har hatt minst tusen grensesprengande opplesingar rundt omkring. Det blir for tungt å reisa rundt med all denne lyriske skiten. No må det kuttast ned. Kraftig». Slik inviterer Skjenkestova til «ein redusert kveld» og freistar med at «Jakta e øve, frukta er komen i hus og sideren står og putre. No er det tida for ein kulturell kveld».

Hjørnevik har vald ut 69 av dei beste dikta frå sju samlingar og vil «dele sine lyriske svin for perler med eit stadig større publikum». Kan hend les han eitt til, for å runda av til 70. Dagfinn Iversen er som vanleg med på gitar og gjør sitt for å bidra til at diktkvelden ikkje endar i katastrofe.

Kan det gå bra? Den som tek turen på Ekspedisjonen, får svar.


Artikkeltags