Gå til sidens hovedinnhold

Hogne Hongset kommer til kraftmønstringa i Odda

Artikkelen er over 3 år gammel

Hogne Hongset, ein av landets fremste ekspertar på energipolitikk, vil halde appell saman med fleire fagforeiningsleiarar under kraftmønstringa på Lindeplassen i Odda torsdag.

Det opplyser LO i Indre Hardanger i ei pressemelding. Rett etter kraftmønstringa, vil Hogne Hongset, som er tidlegare informasjonssjef i Statoil og spesialrådgjevar i LO-forbundet Industri Energi, halde foredrag om norsk krafthistorie og kraftpolitikk og innleie til debatt i Sentralbadet Litteraturhus i Odda. Hongset vil mellom anna ta opp korleis regjeringa sitt forslag om norsk tilknyting til den europeiske energiunionen ACER og stadig nye utanlandskablar frå Norge vil påverke kraftprisane til både industrien og forbrukarane. Korleis konsekvensane blir for miljøet og industrisamfunna.

– Vi er stolte over at vi har fått han til Odda, Hongset er verkeleg ein kapasitet på energipolitikk, uttalar Terje Kollbotn, leiar for LO i Indre Hardanger, som er hovudarrangør for kraftmønstringa torsdag kveld, med tilslutning frå LO både i Kvinnherad, Kvam, Sunnhordland og Nord-Rogaland.

– Sauda Fabrikkarbeiderforening, Husnes Kjemiske Fagforening og Fellesforbundet i Hardanger/Sunnhordland kjem med faner og folk. Odda Musikklag og Lars Ove Seljestad stiller også opp, seier Kollbotn.

Kommentarer til denne saken