Gå til sidens hovedinnhold

– Dette er ei minst like viktig sak som kampen om akuttkirurgien ved Odda sjukehus i fjor

Artikkelen er over 3 år gammel

Regjeringsforslaget om norsk tilknyting til Agency of Cooperation of Energy Regulators (ACER), energiunionen i EU, møter motstand rundt om i heile landet.

Vestlandsoppropet mot norsk tilslutning i EU sin energiunion:

LO i Indre Hardanger legg opp til ei stor kraftmønstring på Lindeplassen i Odda, torsdag kveld den 15. februar. LO-leiar Terje Kollbotn seier det på same tidspunkt vil vera tilsvarande kraftmarkeringar mange andre stader rundt om i landet.

– LO vil også ha ei stor markering i m.a. Kristiansand, Mo i Rana og på Sunndalsøra. Dei store fagforeiningane i våre industrinabostader Ålvik, Husnes og Sauda vil anten komme til Odda, eller ha eigne markeringar, fortel han.

Svekka råderett

Det var representantskapet i LO Indre Hardanger som tok initiativ til Vestlandsoppropet på eit møte 25. januar.

Heile oppropet stod på trykk i HF onsdag 7. februar. LO lokalt fryktar at ei norsk tilknyting til energiunionen i EU vil føra til svekka råderett og kontroll over vasskrafta og norsk kraft- og industripolitikk – som igjen vil få dramatiske konsekvensar gjennom auka straumprisar og nettleige for både forbrukarar, kraftforedlande industri og andre næringar.

– Vestlandsoppropet spreier om seg. Fagforbundet Odda, avdeling 61 på Boliden og avdeling 44 på TiZir har alle slutta seg til. Det same har LO Sunnhordland, LO i Kvinnherad og Fellesforbundet Hardanger/Sunnhordland med sine meir enn 3000 medlemmar, opplyser Kollbotn.

– På Sørlandet vurderer dei å lansera eit tilsvarande Sørlandsopprop, legg han til.

– Ei hastesak

LO-leiaren er ikkje overraska over at forslaget frå regjeringa har skapt stort engasjement i løpet av veldig kort tid.

– Dette regjeringsforslaget vart ikkje nemnt i valkampen. No legg dei opp til ei hastesak, som skal avgjerast i Stortinget alt 16. mars, seier Kollbotn.

Han meiner forslaget om å knytte Noreg in i ACER er politisk sprengstoff for den kraftforedlande industrien i heile landet.

– Det dreier seg om framtida vår. Noreg er elektrisitetslandet i Europa, med høg kompetanse og gode kraftavtaler innanfor kraftforedlande industri, noko vi har bygd opp gjennom generasjonar. Den landbaserte industrien treng betre rammevilkår, og ikkje usikkerheit. Framtida er lys, med gode moglegheiter for å vidareutvikla norsk fastlandsindustri og skapa titusenvis av nye arbeidsplassar i landet, påpeiker Kollbotn.

– Mykje av dette kan gå tapt dersom Noreg vert med i energiunionen i EU, då vi vil mista politisk nasjonal styring over ressursane våre. Det skjønner folk som både jobbar i denne bransjen, og bur i samfunn bygd opp på kraft og industri som Odda og Tyssedal, uttalar han, og legg til at det no er grunnlag for at regjeringa kan lida nederlag i denne saka.

Historiske parallellar

– Kva står på programmet under kraftmønstringa på Lindeplassen?

– Alle som har slutta seg til oppropet vil kunne komme med ein kort appell mens faklane brenn. Etterpå vert det eit fengande opplysningsmøte og debatt i Sentralbadet litteraturhus, svarar Kollbotn.

– Vi har og invitert kommune- og heradsstyra i Odda, Jondal og Ullensvang om tilslutning til Vestlandsoppropet og at dei stiller på kraftmønstringa. Saka har stor betydning for heile nye Ullensvang kommune og resten av Hardanger, opplyser han.

Kollbotn forventar at Odda kommunestyre vil stille seg samrøystes bak Vestlandsoppropet mot ACER under kommunestyremøte 14. februar, og vonar at alle politikarane i dei andre to kommunane vil gjera det same.

– Dersom kommunestyret i Odda sluttar seg til, vil sjølvsagt Odda-ordføraren få halde ein kraftappell. Dette er ei minst like viktig sak som kampen om akuttkirurgien ved Odda sjukehus i fjor, og kampen for krafta og ny industri i Tyssedal på 1980-talet. Desse kampane vann vi. Hovudparolen vår er «Krafta er vår! Nei til norsk tilslutning i EU sin energiunion», seier han.

Kommentarer til denne saken