Gå til sidens hovedinnhold

I front mot EU-energipakke: – Kan bli dramatisk for lokal industri

LO i Indre Hardanger har starta vestlandsopprop:

Artikkelen er over 3 år gammel

No håpar LO i Indre Hardanger å få med kommunar, organisasjonar og andre på laget, for å stoppa regjeringa sitt forslag om å legga norsk kraft under EU si reguleringsmyndigheit.

LO i Indre Hardanger

Regjeringa går inn for å knytte Noreg til EU sin energiunion gjennom ACER (Agency of Cooperation of Energy Regulators). Dette er LO i Indre Hardanger i mot, og dei har difor tatt initiativ til å starta eit vestlandsopprop mot den norske deltakinga i energiunionen i EU og overføring av makt til ACER, samt stans av vidare bygging av kablar til EU-land.

Med seg har dei allereie Fagforbundet i Odda, og invitasjonar blir no sendt ut til alt frå kommunar og fylkesting til fagforeiningar og klubbar på Vestlandet. Leiar i LO i Indre Hardanger, Terje Kollbotn, håpar så mange som mogleg vil signera oppropet.

– Bygginga av nye utanlandskablar vil svekka moglegheita til å bruka rimeleg norsk kraft til kraftkrevjande industri, seier han.

Konsekvensar

LO-styret påpeiker at sal av kraft til land som har dyrare prisar vil føra til at krafta blir dyrare heime i Noreg.

Kollbotn trur det kan få dramatiske konsekvensar for den lokale industrien om vedtaket går igjennom. Leif Hernes trur det kan bety slutten for lokal industri:

– Både Boliden og TTI vil bli lagt ned i løpet av 10–15 år, spår han.

Leiar for avdeling 61 på Boliden, Gard Folkvord, legg vekt på at sjølv om Boliden er avhengig av tilgang til den frie marknaden i EU, støttar han oppropet.

– Det handlar om at naturressursane først og fremst skal brukast til å utvikla landet, seier han.

Framtida for unge

Ungdomstillitsvald Tommy Tverdal legg vekt på framtida for dei unge og kommande arbeidsplassar.

– Det skaper ei unødvendig usikkerheit for industrien, legg Kollbotn til.

LO-laget håpar på støtte frå nabokommunane, inkludert Eidfjord, der North Connect har store planar for ein ny utanlandskabel.

– Dei burde vera solidariske med resten av Hardanger, meiner Kollbotn.

I tillegg til oppropet blir det mønstringar mot energiunionen over heile landet 15. februar. Då vil LO også arrangera ein aksjon på Lindeplassen i Odda.

EU sin tredje energimarknadspakke

Forslaget Stortinget skal handsama er EU sin tredje energimarknadspakke.

EU vedtok energimarknadspakken i 2009. Føremålet med pakken er å legga til rette for ein meir velfungerande indre marknad for elektrisitet og naturgass.

– Den tredje energimarknadspakken er ein viktig del av EU sitt arbeid for ein meir velfungerande energimarknad, som også skal legga til rette for meir fornybar energi, seier olje- og energiminister Terje Søviknes i ei pressemelding på Regjeringa sine nettsider.

Styrka samarbeidet

EU sitt byrå for samarbeid mellom nasjonale reguleringsmyndigheiter på energiområdet, ACER, vart oppretta i 2011 for å styrka samarbeidet mellom dei nasjonale reguleringsmyndigheitene i Europa. Hittil har NVE delteke uformelt i delar av ACER sitt arbeid. Gjennom EØS-tilpassingar har NVE deltakarrett, men ikkje stemmerett i byrået.

Regjeringa ønsker å etablera ei ny reguleringsmyndigheit for energi, som skal skiljast ut frå NVE, og skal vera fritt frå nasjonal politisk styring. Motstandarane fryktar at når det ikkje blir tatt nasjonale omsyn vil Noreg importera ein europeisk straumpris, og dermed mista ein viktig konkurransefordel. Det har mellom anna Kathrine Kleveland, leier i Nei til EU, uttalt.

Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt og MDG har alt gått i mot norsk tilknytning til ACER. AP og Krf har enno ikkje tatt stilling.

Stortinget i mars

LO i Indre Hardanger håpar å kunna gi eit klart signal frå Vestlandet innan saka skal handsamast i LO sitt representantskap 27. februar, og at LO-leiinga vil kunna påverka stortingsrepresentantar før saka vert avgjort i Stortinget 16. mars.

Kommentarer til denne saken