– Du skal verna om matjorda

Ressurs: Ca 1/4 del av nedbygd jordbruksareal går til samferdsle, halvparten til bustadbygging og næringsareal.  Arkivfoto: K. Ystanes

Ressurs: Ca 1/4 del av nedbygd jordbruksareal går til samferdsle, halvparten til bustadbygging og næringsareal. Arkivfoto: K. Ystanes

Artikkelen er over 2 år gammel

Ei ny brosjyre gjev ti bod for jordvern både i internasjonalt og nasjonalt perspektiv.

DEL

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) gjev lærdom og nøkkelinformasjon om kvifor matjorda må bli teken vare på.

Her vert mellom anna peika på at jorda er naudsynt for å produsera mat, at jorda gjev levande bygder og er naudsynt for miljøet. I jorda ligg og lærdom om fortida. Kulturlandskapet har verdi for friluftsliv, rekreasjon og turisme.

Jorda bidreg og til vern mot flaum ved at ho tek opp store mengder vatn når det regnar mykje. Jorda er trua både nasjonalt og globalt, ho gir verda brød og bidreg til biologisk mangfald. Jordvern er miljøvern.

Matjorda er menneskeslekta si tause allierte, og har vore grunnlag for eksplosiv befolkningsauke.

2015 var FN sitt jordår, og mange rapportar syner at matjorda står i fare. Ein av truslane er urbanisering: Det fører til nedbygging av enorme jordbruksareal verda over.

Artikkeltags