Mann (45) alvorleg skadd etter eksplosjon i Uskedalen

Ein mann er skadd etter ein eksplosjon i dette bygget på Storhaug i Uskedalen søndag ettermiddag. Foto: Elisabeth Berg Hass.

Ein mann er skadd etter ein eksplosjon i dette bygget på Storhaug i Uskedalen søndag ettermiddag. Foto: Elisabeth Berg Hass.

Ein 45 år gammal mann ligg alvorleg skadd på Haukeland etter ein eksplosjon i Uskedalen søndag.

DEL

Klokka 16.23 meldte 110-sentralen i Hordaland om ein eksplosjon inne i eit næringsbygg ved Storhaug i Uskedalen.

Ein 45 år gammal mann er alvorleg skadd etter hendinga, skriv Haukeland universitetssjukehus i ei pressemelding klokka 17.40. Han blei sendt med luftambulanse til Bergen.

Hallen der eksplosjonen oppstod er blitt gjennomsøkt av brannvesenet. Det skal ikkje vera fare for fleire eksplosjonar, skriv Vest politidistrikt like etter klokka 17 søndag.

Det er truleg arbeid i hallen som har ført til eksplosjonen. Kva type arbeid eller kva som førte til eksplosjonen kan ikkje politiet seia noko om enno. Politi og brannvern er i gang med åstadsundersøkingar i Uskedalen, opplyser Vidar Litle-Kalsøy ved Hardanger lensmannskontor, til Kvinnheringen.

Denne saka er henta frå Kvinnheringen.

Artikkeltags