Stenger vegen ved Furebergfossen

Til helga vert fv 551 stengt om natta. Alternativ omkøyring blir om Matre og via Åkrafjorden eller nordsida av Hardangerfjorden og tilbake via Jondal.

Til helga vert fv 551 stengt om natta. Alternativ omkøyring blir om Matre og via Åkrafjorden eller nordsida av Hardangerfjorden og tilbake via Jondal. Foto:

Fylkesveg 551 vert stengt nattetid i helga.

DEL

Statens vegvesen jobbar med å få på plass forskaling av overbygninga på den nye brua ved Furebergfossen på fv. 551. No står siste spennet att, og då må ein ha på plass eit støttesystem som forskalinga skal ligge på.

– Fylkesveg 551 blir difor stengt no til helga, melder Vegvesenet i ei pressemelding.

Fagverket skal løftast på plass i sjølve bruspennet, og arbeidet krev ein stor mobilkran som vil ta plass på dagens veg.

– Då blir det heilt naudsynt at vi stenger vegen to netter og delvis kveld, seier byggeleiar Bjørn Giljarhus.

Han seier fv. 551 blir stengt natt til laurdag 16. november frå kl. 00.30 til 07.30 og laurdag frå kl. 21.30 til søndag kl. 07.30.

Alternativ omkøyring blir om Matre og via Åkrafjorden eller nordsida av Hardangerfjorden og tilbake via Jondal.

Så langt er endene på brua (landkar) og søylene som brua står på i elveløpet støypt ferdig. Støyping av sjølve brudekket vil skje seinare.

Den nye brua blir bygd 10 meter lengre ut frå fossen, og det er to gode grunnar til det ifølge Vegvesenet:

– Dette gjer vi for unngå både fossespruten, og at det til tider blir kasta stein inn på brua når vassføringa er stor, seier Giljarhus.

For over 50 år sida blei Furebergfossen bru bygga som tilkomstveg til kraftanlegget i området. Den er smal og ligg tett inn til fossen, noko som har ført til vegstenging når vassføringa har vore stor.


Artikkeltags