I dag er det berre tre stader ein finn spor etter kroting i Hardanger: - Det er mykje me ikkje veit

Kroting: Tradisjonelt har kroting vore kvinnearbeid. Her frå ei røykstove på Bu. Hardanger folkemuseum har engasjert seg i dokumentasjon av teknikken og  utprøving av handverket. Foto: Hardanger Folkemuseum

Kroting: Tradisjonelt har kroting vore kvinnearbeid. Her frå ei røykstove på Bu. Hardanger folkemuseum har engasjert seg i dokumentasjon av teknikken og utprøving av handverket. Foto: Hardanger Folkemuseum

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

– Me ønsker å ta opp att tradisjonen, men det er mykje me ikkje veit. Handverket er utan tradisjonsberarar i dag, og me må rekonstruera utan dei, seier Anne Lise Brask Eriksen, arkitekt og bygningsansvarleg ved Hardanger og Voss museum.

DEL

Kroting er nemning på ein type dekor ein finn på tømmerstokkar i gamle røykstover. Dei geometriske mønstra finn ein og på nyttegjenstandar i tre, på hardingfeler – og på strikkakofter.

Krotetradisjonen bygger på tre ting: vask, symbolbruk og pynt.

– Me ønsker å ta opp att tradisjonen, men det er mykje me ikkje veit. Handverket er utan tradisjonsberarar i dag, og me må rekonstruera utan dei, seier Anne Lise Brask Eriksen, arkitekt og bygningsansvarleg ved Hardanger og Voss museum.

I dag er det berre tre stader ein finn spor etter kroting i Hardanger; i ei stove på Helleland på Lofthus, i Vavollstova i Øystese og på Drage i Tørvikbygd. Ein finn og krot på måleri frå tidlegare tider.

I Norge har krotetradisjonen helde seg lengst på Vestlandet. Normalen var truleg å dekorera eitt omfar, men det finst eksempel på at ein har breia seg over fleire omfar. Den vanlegaste var å måla kvitt mønster på mørk vegg, men ein ser og eksempel på det motsetet; at heile stokken er måla kvit og at ein har skrapa vekk kvitt og fått fram mønster der stokken kjem fram. Såkalla negative spor, finn ein i gamle stover der krotinga er vaska vekk, men der ein kan sjå restar etter dekoren.

Me kjenner krot frå mellomalderen, det følger røykstover med open eld, fortel Brask Eriksen.

Røykstovene var bustadhus i Norge frå 1200-talet fram til 1850-åra, då kom jernomnar med pipe i bruk – og røyken vart leia ut av rommet og over tak – og ein kunne bygga på ein ekstra etasje, og måla og dekorera meir permanent.

Dekorteknikken kroting er det knapt nokon som kan i dag. Brask Eriksen og kunstnar og kunsthistorikar Johild Mæland har forska og prøvd han i praksis. Det har mellom anna ført til at Tveismestova i museumstunet på Utne og ei stove på Bu er krota opp – og at fleire har fått prøve teknikken.

: detaljfoto: Anne Lise Brask Eriksen, Johild Mæland, Hardanger folkemuseum

: detaljfoto: Anne Lise Brask Eriksen, Johild Mæland, Hardanger folkemuseum

I dei djupe finske skogar vart ein lavvo dekorert etter alle kunstens reglar i sommar – av Johild Mæland. Ho vart beden om å dekorera ein populær samlingsstad med den særprega teknikken. Mæland har og vore i USA og demonstrert og helt kurs kroting – og dekorert ei stove på Vesterheim museum, «det norske innvandrarmuseet» i Decorah i Iowa, det eldste og mest omfattande museum i USA som er vigd ei einskild etnisk gruppe.

No i desember inviterte Hardanger folkemuseum til krotekurs og kroteveitle. Det inkluderte føredrag om krot frå fleire ståstadar. Slik vart liner trekte mellom dei geometriske figurane på tømravegger, gjenstandar i tre og på hardingfele, til kunstprosjekt i ein lavvo i Finland – og strikkajakker.

Kunstnar og kledesignar Kristin Holte har vorte så inspirert av handverket og dei ulike symbola at ho har arbeidd dei til å passa mellom anna i strikkaplagg – presentert i boka Krotekofter som kom i vår. Boka har undertittel Kulturhistorie i ny drakt.

Kroting er kulturhistorie. Det var vanleg å vaska opp til beten, dit røyken låg. Omfaret under beten vart dekorert med geometriske mønstre – og symbol – med ei velling av krit og mjølk, til jol og jonsok – og til brudlaup.

– I Hardanger er krotet geometrisk og dekoren mykje dominert av kross, men ein finn og gamle symbol som solteikn, valknute og ævesymbol, fortel Brask Eriksen. Kroting er del av vaskeprosess – og dermed kvinnearbeid.

Med sans for kroting: Kristin Holte signerer bøker til Agnete Sivertsen, Anne Lise Brask Eriksen og Johild Mæland; alle med ulik innfallsvinkel til den symboltunge dekorteknikken. Foto: M. Bleken

Med sans for kroting: Kristin Holte signerer bøker til Agnete Sivertsen, Anne Lise Brask Eriksen og Johild Mæland; alle med ulik innfallsvinkel til den symboltunge dekorteknikken. Foto: M. Bleken

– Har du ei gamal stove, sjekk om det finst spor etter kroting, oppmodar Brask Eriksen – som gjerne vil dokumentera dekoren – eller spora etter han. All informasjon er viktige bidrag for å få eit meir heilskapleg bilete av handverk og tradisjon.

Norges største samling hardingfeler er på Hardanger folkemuseum. Styrar Agnete Sivertsen har sett etter likskap med andre ting i dekorområdet. Og dei som leitar, dei finn.

Ho viser ulike feler med dekor på felekropp, sarg, gripebrett og strengehaldar. Her er rombeformer, spirer og blad, andreaskross og sirklar.

– Geometriske figurar finst i mange kulturar og var meiningsberande, seier Sivertsen og fortel:

– Frå ei tid utan skriftspråk kan rombeform med prikkar, frø, vera symbol på ein åker. Ut frå den veks spirer og aks. Rombeform finn me ofte på tekstilar og – som til dømes på handaplagg som kvinnene skulle dekke hendene med når dei var til kyrkje. I møte med det heilage, skulle deira nevar vera dekka til. I brudlaup bar brura handaplagg, medan brudgommen kunne visa nevane, men hadde lommeduk med tilsvarande symbol, som og handlar om fruktbarheit.

– Kvifor dukkar dei same motiva opp på felene? Kan hende fordi det var ei viktig oppgåve for spelemennene å spela i brudlaup. Me har til dømes eigne brureslåttar, filosoferer Sivertsen.

Ho peikar på at med tida går dekoren i større grad over frå geometriske former til naturalistiske. Ser ein på dagens hardingfeledekor, er det meir blomeformar. Ho viser at dekoren på felekroppen ofte er annleis enn på gripebrett og strengehaldar, der det er mykje sirklar. Det er stilisering av symbol for sol, hest og mannleg fruktbarheit – og går igjen i mykje folkekultur verda over.

– Me ser at symmetri og nøyaktigheit kan mangla. Det viktigaste var å få fram meininga. Symbolet er viktigare enn at det er pent, seier ho og viser til dekor på høgsetebenkar og sengestolpar, der det ofte er sirkeldekor – både kolrosa og i karveskurd.

Også i broderi kjem dei same symbola att, til dømes i hardangersaumen. Men der er symmetri og nøyaktighet også viktig.

Kulturhistorisk vegbok var Johild Mæland sin innfallsvinkel til kroting. Der fann ho eit bilete av kroting på ein vegg og to stolte damer framom som tydeleg var nøgde med resultatet.

– Eg såg sirklar og valknutar og vart nysgjerrig. Det var både interessant og mystisk, fortel ho som enda opp med å skriva bacheloroppgåve i kulturstudium om nettopp kroting – og som brukar det i sitt eige kunstnarlege uttrykk. Og som på oppdrag har krota sju-åtte stover – samt den i Oranki-skogane nord for Rovaniemi. Der inviterer eigaren kunstnarar til å laga landskapskunst, og Mæland fekk førespurnad om å dekorera ein av møtestadene deira; ein lavvo av tre og tømmer. Då inviterte ho kvinner til å vera med på prosessen. Slik fører ho tradisjonen som i utgangspunktet høyrde kvinner i jordbruksmljø til, vidare.

Kritkrota kofter. – Vegen til krotekofter har vore lang med mange sidespor, seier Kristin Holte. Strikkehandverkaren i henne reagerte då ho fyrste gong såg eit bilete av kroting. Ho oppsøkte stover med kroting- også i Hardanger, leste det ho fann om emnet – og enda med å studera tradisjonskunst på Folkekunstakademiet i Rauland. Dekorskikken fascinerte, og det vart masteroppgåve i strikkedesign for ei som er særs oppteken av religionshistorie og symbolbruk. Gjennom sine djupdykk i emnet, kom ho i kontakt med både Brask Eriksen, Sivertsen og Mæland. Under kroteveitla på Utne møttest dei ansikt til ansikt.

Holte ser mønstra som geometri og matematikk. Ho vil formidla heilskap og harmoni. Brukar element, stilisering og fargar for å få det fram. Ho er ikkje ferdig korkje med dekorkroting eller symbol; ho vil jobba vidare med dette – kan hende som broderi i fyrste omgang. Ho viser og til at den mellomalderske dekorskikken kan hende er inspirert av vevnadar. I tidlegare tider var det vanleg å henga opp vovne teppe og åkle - med symbol i mønstera - til pryd (og vern) i stovene.

dekor og symbol vert ikkje lenger berre noko ein registrerer. Når ein er merksam på samanhengar og tydingar, både ser og opplever me meir av det me har framfor oss.Sjå nærare på saumen på fokle- og skjorteborden når du skal ha på bunad neste gong, eller på fela som let. Kan hende er det heller ikkje dumt å ta på seg ei kofte med eit vernande symbol strikka inn – eller sjå til at ein har eitt rissa eller karva inn eit på ein nyttegjenstand – eller få det krota rett på vegg.

Ein må ikkje ha tømraveggar for å pynta – eller sikra – heimen med symbol mot det vonde – eller for eit fruktbart liv. Symbola lever godt i moderne tid og form. Dekorative er dei og.

Artikkeltags