Boka om fjellfolket er forseinka

Forfattar: Oddbjørn Lynghammar.

Forfattar: Oddbjørn Lynghammar. Foto:

DEL

Oddbjørn Lynghammar har i fleire år arbeidd med ei bok om folket som hadde sine røter i Røldal, og levde av og i fjellet. Målet var at den skulle vera klar i månadsskiftet november-desember, men no er det klart at den først kjem på nyåret.

– Eg har lært mykje om bygda i arbeidet, fortel Lynghammar som har hatt «Fjellfolket» som arbeidstittel.

Det endelege namnet er ikkje heilt avgjort, men forfattaren leikar òg med å inkludera diktstrofa «Haustsong i gulna gras» av Sondov Rabbe i tittelen. På nyåret kjem altså boka, som sjølvsagt vert markert med ei høgtidleg lansering.

Artikkeltags