Gir 200 000 kroner til Oddamusikal

Odda kommune gir 200 000 til nyoppsetting av Oddakonsertene sin musikal «Albert og Leonie»

Odda kommune gir 200 000 til nyoppsetting av Oddakonsertene sin musikal «Albert og Leonie» Foto:

DEL

Odda kommune gir 200 000 kroner til nyoppsetting av Oddakonsertene sin musikal «Albert og Leonie» i mai/juni 2020.

Det vedtok eit samrøystes kommunestyre onsdag førre veke.

I vedtaket heiter det og at kommunestyret finn planane for realisering av eit pilegrimsspel i Røldal i 2021, som eit samarbeidsprosjekt over tre fylkesgrenser som særs interessante med tanke på å styrke arbeidet med pilegrimssatsinga i Røldal.

Gunn Gravdal Elton, som står bak musikalen, har tidlegare sagt til HF at ho har som mål at musikalen skal settast opp fast i nye Ullensvang kommune.

– Eg er hoppande glad for at vi gjer dette. Det er nokre som har trekt seg, men dei aller fleste har lyst til å vera med. Både skodespelarane, musikarane, kostymedesignarar, lyd og regissør, sa ho til Hardanger Folkeblad i august.

I år hadde musikalen seks utselde førestillingar, og 2637 personar fekk sjå musikalen.



Artikkeltags