Heltane er snart tilbake på TV

Bjørn Lægreid jobbar helst åleine.

Bjørn Lægreid jobbar helst åleine. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

I august dukkar «Vinterveiens helter», med legenda Bjørn Lægreid i spissen, igjen opp på TV.

DEL

29. august er det klart for endre sesong av dokumentarserien «Vinterveiens helter» på National Geographic Channel. Bjørn Lægreid frå Eidfjord og Thord Paulsen frå Odda held fram i hovudrollane.

Les og: Fotfølgde Bjørn i 3,5 månadar

«Det utfordrende vinterhalvåret er deres arbeidsplass, og hver dag rykker de ut for å hjelpe sjåfører som har involvert i store og skremmende ulykker», opplyser produsent Emma Thoren i ITV Studios Norge.

I ei pressemelding vert Lægreid kalla ein legende, og Thoren legg til at  dei alle er ekte heltar som taklar alle utfordringar for å hjelpe bilistar. 

Stolte

I tillegg til Lægreid og Paulsen vil ein følgja unggutane Kristoffer Mo, Erik Flisen og Marius Winum i Orkanger og Trondheim, samt far og son Jo Roger og Ole Henrik Blengsli i Overhalla.

«Vi er så stolte over Vinterveiens helter! Både interessen fra seerne her i Norge og internasjonalt, men ikke minst er vi stolte over gutta som er med på å vise frem det beinharde yrket sitt og vår norske vinter», fortel Vibeke Lia, Head of Programming i FOX Networks Group Norge i pressemeldinga.

Her kjem det og fram at serien vil verta  National Geographic Channel i Europa og Afrika i haust. Her skal ein ha eit nedslagsfelt på 155 millioner hushaldningar. 

Les og: Lokale TV-heltar gav sjåarrekord

Serien har ikkje berre gitt kanalen sjåarrekord i Noreg, men var og populær i Sverige, Danmark, Bulgaria, Italia og Storbritannia.

Artikkeltags