Kjend musikar startar ny festival på Hardangervidda

Bugge Wesseltoft i studioet sitt på Frysja - som han forlater for å arrangere fjellfestival på Hardangervidda i august.

Bugge Wesseltoft i studioet sitt på Frysja - som han forlater for å arrangere fjellfestival på Hardangervidda i august. Foto:

Av

Jazzprofilen Bugge Wesseltoft meiner fjellvatnet Sønstevann på Hardangervidda er så vakkert at han lagar festival i vasskanten.

DEL

I august byr han på eit unikt knippe artistvenner på scena under debuten for Imingfjellfestivalen.

Men Bugge Wesseltoft skal òg sjølv setje seg ned og spele piano – ei tidleg morgonstund under Imingfjell som har fått gi namn til hendinga.

– Eg synest Sønstevann ved Imingfjell er ein av Noregs vakraste stader og har lenge drøymt om å lage ei konsertscene i vasskanten, seier Wesseltoft til NTB.

Han har spurt gode artistvenner om å vere med. Både Øystein Sunde, Ingrid Olava, Andreas Ulvo, Mathias Eick, Vidar Busk, Skranglebein, DJ Olle Abstract og folkemusikarane Anne Hytta, Øyonn Groven Myhren og Anders Røine sa ja.

Til å avrunde laurdagskvelden har Bugge Wesseltoft fått lokale krefter, Numedal Spel- og dansarlag, til å spele opp.

Debuten for Imingfjellfestivalen er 9. og 10 august i år, ein fredag og laurdag.

– Eg ønsker å lage ein festival for heile familien, der naturen står i sentrum. Det blir fjellteltcamp, fiske- og turmoglegheiter, rappekurs for barn, kurs i folkedans, sal av lokal mat og mykje meir, lovar Wesseltoft, som sjølv gleder seg veldig.

Med seg til å få Imingfjellfestivalen på beina har Bugge Wesseltoft nokre lokale entusiastar som har etablert ein organisasjon som står som arrangør.

Artikkeltags