Tone Hødnebø får Diktartavla 2019

Foto:

Lyrikaren Tone Hødnebø blir 8. juni heidra med prisen Diktartavla 2019.

DEL

Utmerkinga er ein del av den årlege diktardagen der ein norsk lyrikar får ei eiga diktartavle på diktarstien ved Hardanger folkemuseum. Prisen er eit samarbeid mellom Hardanger folkemuseum og Olav H. Hauge-senteret.

– Hødnebø skriv kjenslevare og formsterke dikt som utforskar tankekrafta i poesien, ho vil difor finna sin velfortente plass på Diktarstien saman med andre markante norske lyrikarar, seier dagleg leiar Geir S. Netland på Olav H. Hauge-senteret i ei pressemelding.

Dikttavlene som er lagt ned, har blitt til ein lyrisk hellegang med sitat frå til no 27 diktarar. Når Hødnebø får prisen 8. juni, hamnar ho mellom anna i selskap med andre kjende diktarar som Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas, Jan Erik Vold, Kolbein Falkeid, Eldrid Lunden, Jon Fosse, Cecilie Løveid og Øyvind Rimbereid.

Artikkeltags