Ho blir laurdagens hovudartist på Festidalen

Til Uskedalen: Gabrielle blir hovudartisten laurdagen under neste års Festidalen.Pressefoto

Til Uskedalen: Gabrielle blir hovudartisten laurdagen under neste års Festidalen.Pressefoto

Av

Bergensartisten Gabrielle kjem til Uskedalen og Festidalen helga 26.–27. juni.

DEL

(Kvinnheringen) «Endeleg kjem Gabrielle til Festidalen, og det i sitt livs beste form! Sidan den markante debutsingelen «Ring meg» i 2011 har hennar eksplosive pop skapt stemning og fest landet rundt. Med siste plata «Snart, Gabby» vender ho blikket i større grad mot R & B, noko som sukrar katalogen hennar til ei særs saftig kake. Ho har sidan starten vore ein hitmaskin som kapra øyre og hjarte med til dømes «5 fine frøkner», «Bordet», «Regn frå blå himmel», og no den heilt ferske «Snart, Gabby». Med seg har ho tonnevis med stæsj for å fyra av tidenes laurdagsshow på Festidalen. 2020 vert året då lydbilde i dette landet vert totalt gabbyfisert», melder Festidalen i ei pressemelding.

Med det er laurdags-headlineren til Festidalen 2020 dratt opp av boksen, og allereie neste veke kjem neste artistslepp. Over halvparten av programmet er klart, berre formalitetar står att før offentleggjering, skriv festivalen.

– Live er Gabrielle heilt eineståande. Etter Øya-konserten trilla NRK ein seksar. Etter Bergenfest-konserten trilla BT nok ein seksar. Ho sel billettar som berre pokker på den pågåande turneen. Scena kjem til å gløda. Dette vert latterleg feitt! seier bookingansvarleg Daidalos Dahle i pressemeldinga.

– Musikken til Gabrielle, med sin eigenart og tydelege signatur, flyt så elegant og synleg i det norske musikkbassenget. Og i sommar skal me plaska saman. Synkront eller ikkje, nytast skal det i alle fall! Gabby anno 2020 er moden, magisk, og i stand til å vinna kva festival som helst.

– Det skjedde noko med den norske popscena i 2011. «Ring meg» eksploderte. Selde til ti gonger platina, og vart den mest strøymde norske låten. Og etter det har ho aldri sett seg tilbake, melder Daidalos.


Artikkeltags