Oddarussen tar eit krafttak mot kreft

Omlag 50 russ frå Odda vidaregåande skule deltar i årets aksjon.

Omlag 50 russ frå Odda vidaregåande skule deltar i årets aksjon. Foto:

Måndag 11. mars startar Kreftforeningens årlege bøsseaksjon.

DEL

Over 20.000 bøsseberarar deltar, og det skal samlast inn pengar til kreftformene som få overlever.

Oddarussen vil gå med bøsser lokalt tirsdag 12. mars og søndag 17.mars.

Omlag 50 russ deltar i årets aksjon.

Aksjonen Krafttak mot kreft blir arrangert for 14. gong. I år skal det samlast inn pengar til forsking for at fleire skal overleve kreftformene som i dag har høge døyingstal.

Det gjeld mellom anna lunge-, galleblære-, lever- og matrøyrkreft. Berre to av ti overlever desse kreftformene, opplyser foreininga. Dei ønsker også meir forsking på bukspyttkjertelkreft, som berre éin av ti overlever.

– Det er fleire årsaker til at nokre kreftformer framleis har låg overleving. Ofte blir dei oppdaga for seint fordi dei har diffuse symptom og ikkje ein kul som kan kjennast ved ein sjekk, seier generalsekretær Anne Lise Ryel.

Pengane skal også bidra til gode omsorgstilbod for pasientar og pårørande. Kvart år får nærare 34.000 nordmenn påvist kreft, ifølgje tal frå Kreftforeningen. Det vil seie at over 90 personar får ein kreftdiagnose kvar dag.

Artikkeltags