Kraftanalytikar fryktar skyhøge straumprisar til vinteren

Artikkelen er over 1 år gammel

Kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt fryktar at ein tørr haust kan føre til 50 prosent auke i straumprisen i Noreg til vinteren.

DEL

Tyske kjernereaktorar kan bli nøydd til å redusere produksjonen, slik dei franske har gjort, fordi vatnet i elvane er så varmt at det ikkje lenger er i stand til å kjøle ned reaktorane.

Analysesjef Tor Reier Lilleholt i Wattsight trur ei nedstenging av tyske kjernereaktorar kan påverke norske straumprisar.

– Dersom straumprisen stig i Europa, vil det bidra til at norske produsentar eksporterer meir straum i staden for å spare vatn til vinteren, seier Lilleholt til Dagens Næringsliv.

Siste veke i juli fall magasinfyllinga til 60 prosent, ifølgje statistikken til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Lilleholt understrekar at ein våt haust kan reparere mykje før vinteren kjem, men at ein tørr haust kan forverre situasjonen.

– I januar, februar og mars blir det verkeleg spennande. Dersom det ikkje kjem nok nedbør i haust, så kan produsentane bli tvungne til å spare på vatnet. Då kan vi fort få ein auke i straumprisen på 50 prosent, til rundt 70 øre per kilowattime, seier han til avisa.

Artikkeltags