Ingen frå kraftkommunar i kraftskattutvalet

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto

Av

I både kraftskattutvalet og Domstolkommisjonen sit det nesten berre folk frå dei store byane i landet. Begge tek avgjerder på vegner av Distrikts-Noreg.

DEL

Då det skulle setjast ned eit utval for kraftskatt i 2018, bad Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar om deltaking, skriv Nationen. Det fekk dei ikkje, og det er ingen frå store kraftproduserande kommunar, eller frå kommunar der kraftinntekter er ein stor del av kommuneøkonomien, i utvalet.

Hovudoppgåva til utvalet har vore å vurdere om skattlegginga av vasskraft er eit hinder for lønsame tiltak i vasskraftsektoren. I rapporten utvalet no har lagt fram, blir det foreslått å avvikle konsesjonsavgifta, noko som vil gjere at kraftkommunar i landet vil tape milliardar av kroner. Utvalet er leidd av Per Sanderud som var direktør i Noregs vassdrag- og energidirektorat fram til 2018. Han meiner distriktskommunane kjem godt ut av forslaget.

Alle medlemmene i Domstolkommisjonen, utanom eitt frå Nittedal og eitt frå Førde, er busett i Noregs storbyar, skriv Nationen. Kommisjonen har foreslått å leggje ned halvparten av Noregs tingrettar. Sorenskrivar i Oslo Yngve Svendsen er leiar av Domstolkommisjonen.

Artikkeltags