– Det er eit uutløyst potensial for ei formidabel verdiskaping ute i norske bygder

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto Foto:

Av

Det er 400 småkraftkonsesjonar i Noreg i dag som kan bli utbygde. Dersom desse blir realiserte, kan det utløyse 13.000 årsverk innan fornybar energi.

DEL

Ifølgje Nationen er det gitt over 400 småkonsesjonar som ikkje er utbygde. Dette har eit urealisert potensial på 3,2 TWh fornybar straum, skriv Nationen.

I ein rapport frå Thema Consulting blir det sagt at utbygginga av småkraftverka vil kunne bidra med 13.200 årsverk og gi økonomiske ringverknadar på over 50 milliardar kroner.

I dag er det om lag 1240 småkraftlag i Noreg som står for 10 TWh årleg. Det er nær 7 prosent av den totale kraftproduksjonen og er fire gonger større enn norsk vindkraft i dag. Det er per dags dato 32 småkraftverk under utbygging i Noreg.

– Det er eit uutløyst potensial for ei formidabel verdiskaping ute i norske bygder, seier Knut Olav Tveit, dagleg leiar i Småkraftforeninga.

Artikkeltags