Skal nye Ullensvang vera ein «jævla bra kommune» eller «rått og flott»? No kan du røysta

Illustasjonsfoto. Arkiv: Kristin Eide

Illustasjonsfoto. Arkiv: Kristin Eide

Den nye kommunen treng ein visjon. No kan du røysta over forslaga som har kome inn.

DEL

Dei siste vekene har det vore «visjonsverkstader» i alle skulegrendene som vil tilhøyra nye Ullensvang kommune frå 2020.

– Vi har fått inn over 60 gode visjonsforslag. Dessverre må vi stå att med berre eitt, står det på kommunen sine heimesider.

Det er valt ut 16 forslag, som ein kan gå inn og stemma på fram til kvelden 23. desember.

Blant forslaga finn ein mellom anna «Ullensvang kommune – jævla bra kommune», «Ullensvang kommune – kultur for å lukkast» og «Ullensvang kommune – frukt, kultur og industri – grøn harmoni i Hardanger.»

Her kan du røysta på din favoritt.

Tre til fem av visjonane med flest røyster blir presentert i ei sak til fellesnemnda for den nye kommunen 7. februar. Då vil nemnda velja ein endeleg visjon for den nye kommunen.

Artikkeltags